Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Broen over Kwai

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Bridge on the River Kwai
Norsk tittel: Broen over Kwai
RegiDavid Lean Sjå dette på Wikidata
Forfattar(ar)Sam Spiegel Sjå dette på Wikidata
Produsent(ar)Sam Spiegel Sjå dette på Wikidata
ManusCarl Foreman, Michael Wilson, Calder Willingham, Pierre Boulle Sjå dette på Wikidata
Basert påThe Bridge over the River Kwai Sjå dette på Wikidata
MedverkandeJack Hawkins, William Holden, Sessue Hayakawa, Alec Guinness, James Donald, Percy Herbert, Harold Goodwin, André Morell, Ann Sears, Geoffrey Horne, Harold Goodwin, Peter Williams, John Boxer, Heihachirō Ōkawa Sjå dette på Wikidata
KlippPeter Taylor Sjå dette på Wikidata
MusikkMalcolm Arnold Sjå dette på Wikidata
SjeffotografJack Hildyard Sjå dette på Wikidata
ProduksjonsselskapHorizon Pictures Sjå dette på Wikidata
DistributørInterCom, Netflix, Vudu Sjå dette på Wikidata
Utgjevingsdato1957, 7. mars 1958 (Tyskland),[1] 18. juli 1958 (Sverige), 11. oktober 1957 (Storbritannia),[2] 14. desember 1957 (USA)[2]
Lengd156 minutt Sjå dette på Wikidata
OpphavslandStorbritannia, USA Sjå dette på Wikidata
Språkengelsk
Inntening27 200 000 US-dollar (verdsfemnande)[3]
Sjangerdramafilm, Krigsfilmar, romanfilmatisering Sjå dette på Wikidata
«Dødspasset» ved brua over Kwai.

Broen over Kwai er eit britisk-amerikansk krigsdrama frå 1957 regissert av David Lean. Handlinga er lagt til det japansk-okkuperte Burma under andre verdskrigen. Dei japanske okkupantane brukar britiske krigsfangar som arbeidskraft til å byggja ei jernbanebru over elva Kwai. Allierte styrkar har samstundes planar om å senda sabotørar for å sprenga brua. Dei leiande rollene vert spelte av William Holden, Jack Hawkins, Alec Guinness og Sessue Hayakawa. Manus er basert på ein roman av Pierre Boulle.

Filmen vann sju oscarprisar, blant anna for beste regi (David Lean), beste hovudrolle (Alec Guinness) og beste originalmusikk (Malcolm Arnold).

Mesteparten av filmen vart spelt inn på (noverande) Sri Lanka.

Samsvar med faktiske hendelser

[endre | endre wikiteksten]

Handlinga til filmen er i stor grad fiksjon, men den er basert på den faktiske bygginga i 1943 av ei jernbanebru over (elva) Mae Klong (som nå kalles Khwae Yai), ved Tha Makham omlag fem kilometer fra den thailandske byen Kanchanaburi (i Kanchanaburi-fylket).[4][5][6]

Oscar-prisar

[endre | endre wikiteksten]
Pris Person
Beste regi David Lean
Beste mannlege hovudrolle Alec Guinness
Beste kinematografi Jack Hildyard
Beste film Sam Spiegel
Beste filmklipp Peter Taylor
Beste originalmusikk Malcolm Arnold
Beste filmatisering Robert Bolt
Michael Wilson
Pierre Boulle
Nominert
Beste mannlege birolle Sessue Hayakawa

Relevante historiske hendingar

[endre | endre wikiteksten]

Handlinga i filmen er laust knytt til den faktiske konstruksjonen av ei jernbanebru over elva Mae Klong (som fekk eit nytt namn på 1960-talet, Khwae Yai), ved staden Tha Ma Kham, fem kilometer frå byen Kanchanaburi. Commonwealth War Grave Commission seier at «Den berykta Burma-Siam-jarnbana, bygga av krigsfangar frå Samveldet, Nederland og USA, var eit japansk prosjekt som hadde som føremål å betra kommunikasjonane for å forsyna den store japanske hæren i Burma. I løpet av anleggstida døydde kring tretten tusen krigsfangar, og dei vart gravlagde langs jarnbana. Ein rekner med åtti tusen til eitt hundre tusen sivile døydde i anleggstida, hovudsakleg tvangsarbeidarar frå Malaya og Nederlandsk India, eller frå Siam og Burma».[7] To arbeidsstyrkar jobba frå kvar sin ende av jarnbana, mot midten.[7]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Lexikon des internationalen Films (på tysk), Zweitausendeins, Wikidata Q1822317 
  2. 2,0 2,1 https://www.imdb.com/title/tt0050212/releaseinfo; The Internet Movie Database; vitjingsdato: 28. april 2022.
  3. https://www.boxofficemojo.com/title/tt0050212/; Box Office Mojo; vitjingsdato: 28. april 2022.
  4. Davies, Peter (1991). The Man Behind the Bridge. Continuum International Publishing Group. 0-485-11402-X. 
  5. Summer, Julie (2005). The Colonel of Tamarkan. Simon & Schuster Ltd. 0-7432-6350-2. 
  6. Kanchanaburi to seek recognition of Death Railway as a World Heritage Site Arkivert 2019-06-09 ved Wayback Machine.. The Nation (Thailand), 06-05-2018, hentet 06-05-2018.
  7. 7,0 7,1 Kanchanaburi War Cemetery