Brukardiskusjon:Stusslig
Utsjånad
Velkommen
[endre wikiteksten]Velkommen som brukar, og takk for tidlegare og framtidige bidrag. Kjekt at du vil gje noko attende, og at du lagar brukarside. --Ranveig (diskusjon) 4. august 2019 kl. 07:39 (CEST)
- Hei, Stusslig, triveleg å ønskje ein kollega velkomen, og flott filosofi du har for Wikipedia-arbeidet ditt! Trondtr (diskusjon) 14. oktober 2019 kl. 23:47 (CEST)
- Hei, Trond! Takk for det! :) Og tusen takk for arbeidet du har gjort her på nynorsk wikipedia om dei uralske språka. Veldig interessant å lesa om! Stusslig (diskusjon) 15. oktober 2019 kl. 20:34 (CEST)
Rettingar
[endre wikiteksten]Fint at du gjer så grundige systematiske opprettingar på ortografi. Eit par spørsmål:
- Er ikkje -tatt ei korrekt bøyingsform?
- han/ho har spreidd seg, det har spreitt seg... eller om dei er jamstilte treng ein ikkje endre frå det eine til det andre? Sjå ordboka.
--Roar (diskusjon) 17. oktober 2019 kl. 23:59 (CEST)
- Hei, du har heilt rett. Ser at dei du nemnde er jamnstilte etter rettskrivingsnorma som kom i 2012.
- Det opphavlege systemet var sånn at «har spreitt» var den einaste tillatne forma å skriva. Altså
- «Brannen har spreitt seg»
- Og alle partisipp/adjektiv etter kopulaverba vera, verta og bli (same kva tid dei står i) vert bøygde i kjønn og tal:
- «Plantesorten vart spreidd over heile landet»
- «Treslaget vart spreitt over heile landet»
- «Plantesortane vart spreidde over heile landet»
- Systemet etter 2012 norma er ikkje like strengt lenger for supinum, så nå er «spreidd» òg tillaten å nytta som supinumsform.
- Takk for at du sa i frå! Skal ikkje retta på det meir.
- --Stusslig (diskusjon) 18. oktober 2019 kl. 12:37 (CEST)
Patruljør
[endre wikiteksten]Hei, eg ser du gjer ein god innsats med å rydda opp i hærverk. Eg har gjort deg til patruljør som gjer at du lettare kan sjå mistenkelege endringar, og kanskje også lettare rulla attende. --Ranveig (diskusjon) 6. november 2019 kl. 10:04 (CET)
- Takk for det! Stusslig (diskusjon) 6. november 2019 kl. 12:22 (CET)
Translation request
[endre wikiteksten]Hello.
Can you translate and upload the article en:List of mammals of Azerbaijan in Nynorsk Wikipedia?
Yours sincerely Karalainza (diskusjon) 27. april 2020 kl. 17:33 (CEST)