Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Bryan Coast

Koordinatar: 73°35′S 84°0′W / 73.583°S 84.000°W / -73.583; -84.000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bryan Coast is located in Antarktis
Bryan Coast (Antarktis)

Bryan Coast er den delen av kysten av Antarktis som ligg langs sørsida av Bellingshausenhavet mellom Pfrogner Point og nordenden av Rydberg Peninsula. I vest ligg Eights Coast, og i aust ligg English Coast. Austenden av denne kysten vart oppdaga frå lufta under flyturane til U.S. Antarctic Service (1939–41) og Ronne antarktiske forskingsekspedisjon (1947–48). Heile kysten vart kartlagd av US Geological Survey frå landmålingar og flyfoto av U.S. Navy 1961–67. Han fekk opphavleg namnet George Bryan Coast etter kontreadmiral George S. Bryan, hydrograf i U.S. Navy 1938–46.

73°35′S 84°0′W / 73.583°S 84.000°W / -73.583; -84.000