Buraydah
Buraydah | |||
بريدة | |||
by | |||
Land | Saudi-Arabia | ||
---|---|---|---|
Koordinatar | 26°20′N 43°58′E / 26.333°N 43.967°E | ||
Areal | 1 291 km² | ||
Folketal | 614 093 (2010) | ||
Folketettleik | 476 / km² | ||
Tidssone | EAT (UTC+3) | ||
Buraydah 26°20′00″N 43°58′00″E / 26.333333333333°N 43.966666666667°E | |||
Kart som viser Buraydah.
| |||
Wikimedia Commons: Buraidah |
Buraydah (arabisk بريدة, Burayda) er hovudstaden i Al-Qassim-regionen nord i det sentrale Saudi-Arabia i hjartet av Den arabiske halvøya. Buraydah ligg like langt frå Raudehavet i vest og Persiabukta i aust. Han har eit folketal på 614 093 (2010).
Buraydah er regionshovudstaden i Al-Qassim-regionen og ligg i utkanten av Wadi Al-Rummah. Buraydah har eit typisk ørkenklima, med varma somrar, kalde vintrar og låg fukt.
I Buraydah er jordbruk framleis ei viktig næring. Tradisjonelle varer frå oasen er dadlar, sitronar, appelsinar og anna frukt. I moderne tid byrja ein med dyrking av kveite, og dette vart ein så stor suksess at Buraydah er ein av dei største kornprodusentane i landet.
Klima
[endre | endre wikiteksten]Vêrdata for Buraidah | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Gjennomsnittleg maks °C | 19,2 | 22,3 | 26,5 | 32,4 | 38,5 | 42,1 | 43,2 | 43,4 | 40,9 | 35,3 | 26,7 | 21,3 | 32,7 |
Døgnmiddeltemperatur °C | 12,8 | 15,2 | 19,2 | 24,9 | 30,6 | 33,5 | 34,5 | 34,8 | 32,1 | 26,9 | 19,8 | 14,7 | 24,9 |
Gjennomsnittleg min °C | 6,3 | 8,1 | 11,9 | 17,4 | 22,7 | 24,9 | 25,7 | 26,1 | 23,3 | 18,5 | 12,8 | 8 | 17,1 |
Gjennomsnittleg nedbør mm | 21,2 | 10,8 | 26,7 | 28,8 | 13,9 | 0 | 0 | 0,1 | 0,1 | 4,3 | 24,2 | 15,6 | 145,7 |
Kjelde: [1] |
Folketal
[endre | endre wikiteksten]Byen har hatt særs stor folkevekst. Innafor bygrensene budde det i 2010 614 093 innbyggjarar.[2]
År | Folketal |
---|---|
1888 | 10 000 |
1935 | 35 000 |
1960 | 45 000 |
1970 | 56 000 |
1972 | 60 000 |
1974 | 69 000 |
1992 | 248 000 |
2004 | 505 000 |
2010 | 614 093 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Buraydah» frå Wikipedia på engelsk, den 21. mai 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Mackey, Sandra. The Saudis: Inside the Desert Kingdom. Updated Edition. Norton Paperback. W.W. Norton and Company, New York. 2002 (first edition: 1987). ISBN 0-393-32417-6 pbk.
- ↑ «Weather Information for Buraydah».
- ↑ «Saudi Arabia: Regions & Major Cities - Statistics & Maps on City Population». Citypopulation.de. 28. april 2010. Henta 2. april 2016.