CARICOM
CARICOM | |||
| |||
Type | internasjonal organisasjon | ||
---|---|---|---|
Skipa | 4. juni 1973 | ||
Hovudkontor | Georgetown | ||
Medlemmer | 15 medlemsstat | ||
Nettstad | https://www.caricom.org/ |
Caribbean Community and Common Market (forkorta CARICOM; norsk: Det karibiske fellesskapet) er ein internasjonal organisasjon som vart grunnlagd ved Chaguaramas-traktaten, som tredde i kraft 1. august 1973. Dei fyrste signatarmaktene var Barbados, Jamaica, Guyana og Trinidad og Tobago. Organisasjonen vart opphavleg stifta for å sørgje for framhald i den økonomiske samhandlinga mellom dei engelsktalande landa i Karibia etter at Den vestindiske føderasjonen vart oppløyst i 1962.
Medlemsland
[endre | endre wikiteksten]Per 2010 har CARICOM 15 fullverdige medlemsland, 5 tilknytte medlemsland og 7 land med observatørstatus. Alle dei tilknytte medlemmene er britiske oversjøiske territorium, og det er uklart kva for rolle desse landområda skal ha i organisasjonen. Landa med observatørstatus er land som er med i minst éin av dei tekniske komitéane i CARICOM. Datoane i parentes nedanfor er dei datoane då eit land vart med i CARICOM.
- Barbados (1. august 1973)
- Jamaica (1. august 1973)
- Guyana (1. august 1973)
- Trinidad og Tobago (1. augusti 1973)
- Antigua og Barbuda (1. mai 1974)
- Belize (1. mai 1974)
- Dominica (1. mai 1974)
- Grenada (1. mai 1974)
- Montserrat (1. mai 1974)
- Saint Lucia (1. mai 1974)
- Saint Kitts og Nevis (1. mai 1974)
- Saint Vincent og Grenadinane (1. mai 1974)
- Bahamas (4. juli 1983, ikkje medlem av fellesmarknaden)
- Surinam (4. juli 1995)
- Haiti (3. juli 2002, provisorisk medlemskap sidan 4. juli 1998)
Tilknytte land[endre | endre wikiteksten]
|
Land med observatørstatus[endre | endre wikiteksten] |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «CARICOM» frå Wikipedia på bokmål, og «Karibiska gemenskapen» frå Wikipedia på svensk den 11. mai 2010.
- Denne artikkelen bygger på «Caribbean Community» frå Wikipedia på engelsk, den 12. mai 2010.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad
- «CARICOM» i Store norske leksikon, snl.no.