Calonectris
Calonectris | |
Portugisarlire (Calonectris borealis) Foto: Tom Allmendinger
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Aequornithes |
Orden: | Stormfuglar Procellariiformes |
Familie: | Stormfuglfamilien Procellariidae |
Slekt: | Calonectris Mathews & Iredale, 1915 |
Calonectris er ei slekt av tre store lirer i stormfuglfamilien. Artane i denne gruppa er langvenga fuglar med mørk brun eller svart overside, og hovudsakleg kvit på undersida. Dei er pelagiske utanfor hekkesesongen og lever mest vanleg i tempererte og kalde farvatn. Akkurat som Puffinus flyg Calonectris-lirer med stive venger og nyttar ein «klippe»-teknikk for å segle over bølgjefrontar med eit minimum av aktiv flyging. Men fluktbildet ligg nærare albatrossar enn Puffinus-artane.
Calonectris-lirer er langdistansemigrantar. Kvitpannelira spreier seg frå austasiatiske hekkeøyar gjennom heile det vestlege Stillehavet og inn i det austlege indiske havet.
Dei lever av fisk, blekksprut og liknande oseanisk mat og kan følgje fiskebåtar for å ta utkast.
Artar
[endre | endre wikiteksten]Taksonomi for Calonectris-lirer er nyleg endra, kappverdelire og portugisarlire er splitta ut frå tidlegare gulnebblire, Calonectris diomedea. Det finst ei anna lireslekt, Puffinus, som omfattar om lag tjue små til mellomstore lirer. Procellaria, med fem andre store artar er vanlegvis kalla petrellar, sjølv om ein trur dei er nærare knytt til lirer enn til «eigentlege petrellar».
- Kvitpannelire, Calonectris leucomelas, Streaked shearwater, (Temminck, 1836), (NT)
- Poseidonlire, Calonectris diomedea, Scopoli's shearwater, (Scopoli, 1769), (LC)
- Portugisarlire, Calonectris borealis, Cory's shearwater, (Cory, 1881), (LC)
- Kappverdelire, Calonectris edwardsii, Cape verde shearwater, (Oustalet, 1883), (NT)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger dels på «Calonectris» frå Wikipedia på engelsk, den 17. september 2009
- Helge Kvam (2. juni 2023). «Nye norske fuglenavn utarbeidet av navnekomiteen». Birdlife Norge.
- del Hoyo, J., C. Carboneras, F. Jutglar, N. Collar, and G. M. Kirwan (2020). Cory's Shearwater (Calonectris diomedea), version 1.0. In Birds of the World (S. M. Billerman, B. K. Keeney, P. G. Rodewald, and T. S. Schulenberg, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.corshe.01