Cenomanium
Utsjånad
Cenomanium (òg kalla woodbinium) er den første alderen i epoken sein krit. Han varte frå 99,6 ± 0,9 til 93,5 ± 0,8 millionar år sidan. Cenomanium kjem etter albium i tidleg krit og før turonium i sein krit.
Cenomanium er kjend for å ha hatt det høgaste havnivået som har vore dei siste 600 millionar åra, om lag 150 meter høgare enn i dag. Store delar av det som i dag er tørt land låg dermed under grunnhav.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Cenomanian» frå Wikipedia på engelsk, den 25. august 2008.
Krit | |
---|---|
Tidleg/nedre krit | Øvre/sein krit |
Berriasium | Valanginium | Hauterivium Barremium | Aptium | Albium |
Cenomanium | Turonium | Coniacium Santonium | Campanium | Maastrichtium |