Ceyhan
Ceyhan | |||
by | |||
Hierapolis-borga nær Ceyhan
| |||
Land | Tyrkia | ||
---|---|---|---|
Region | Middelhavsregionen | ||
Provins | Adana | ||
Koordinatar | 37°2′N 35°49′E / 37.033°N 35.817°E | ||
Areal | 1 444 km² | ||
Folketal | 105 879 | ||
Borgarmeister | Hüseyin Sözlü | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
- Sommartid | EEST (UTC+3) | ||
Postnummer | 01x xx | ||
Bilnummer | 01 | ||
Ceyhan 37°01′44″N 35°48′45″E / 37.028888888889°N 35.8125°E | |||
Kart som viser Ceyhan.
| |||
Wikimedia Commons: Ceyhan | |||
Nettstad: http://www.ceyhan.bel.tr |
Ceyhan er ein by søraust i Tyrkia med kring 105 000 innbyggjarar (2010) og er den nest største byen i provinsen Adana etter hovudstaden Adana. Ceyhan er eit trafikknutepunkt for olje- og naturgass frå Midtausten, Sentral-Asia og Russland. Han ligg ved Ceyhan-elva, som han er kalla opp etter, sentralt i Çukurova, 43 km aust for Adana. Ceyhan-elva er demd opp ved Aslantas for å regulere flaumvatn og gje kunstigvatn for det vesle nedslagsfeltet kring Ceyhan.
Transportterminalen ved Ceyhan er endepunktet til Baku–Tbilisi–Ceyhan-røyrleidninga som fraktar råolje frå Kaspihavet gjennom Aserbajdsjan og Georgia, og går inn i Tyrkia i nordaust. Røyrleidninga stod ferdig i mai 2005. Ceyhan-terminalen er endestasjon for Kirkuk-Ceyhan-oljerøyrleidninga og den planlagdeSamsol-Ceyhan-røyrleidninga.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ceyhan» frå Wikipedia på engelsk, den 24. august 2012.