Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Chalon-sur-Saône

Koordinatar: 46°46′50″N 04°51′10″E / 46.78056°N 4.85278°E / 46.78056; 4.85278
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Chalon-sur-Saône
Byvåpenet til Chalon-sur-Saône
Byvåpenet til Chalon-sur-Saône
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Bourgogne-Franche-Comté
Saône-et-Loire
Geografi
Flatevidd 15,22 km²
Flatevidd
 - By

15,22 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

50 124
  3 295/km²
Koordinatar 46°46′50″N 04°51′10″E / 46.78056°N 4.85278°E / 46.78056; 4.85278
Høgd over havet 185 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Heimeside: www.chalonsursaone.fr

Chalon-sur-Saône er ein by og kommune sentralt i Frankrike i departementet Saône-et-Loire, der han er sous-préfecture.

Chalon-sur-Saône er ein del av regionen Bourgogne. Han ligg ved elva Saône, og var ein gong ei velkjend elvehamn, der vin vart transportert oppover og nedover elva.

Biskopdømet Chalon-sur-Saône, eit underbispedøme av erkebiskopdømet Lyon sidan romartida, vart slått saman med soknet Autun kort tid etter den franske revolusjonen.

Chalon er mest kjend for staden der fotografiet vart oppfunne av Nicéphore Niépce. Han har òg ein lycée (vidaregåande skule) kalla opp etter seg. Byen har eit fotografimuseum med meir enn to millionar tidlege fotografi og mange gamle gjenstandar som kamera og anna utstyr for gamle og moderne fotografi.

Ein anna kjend innbyggjar frå Chalon er Dominique Vivant Denon (1747-1825), som var med på å opprette museumet Louvre Museum, og omforma palasset til eit museum etter den franske revolusjonen.