Channel 4
Channel 4 | |||
| |||
| |||
Bransje | Fjernsyn | ||
---|---|---|---|
Skipa | 2. november 1982 | ||
Eigar | Channel Four Television Corporation | ||
Hovudkontor | London[1] | ||
Land | Storbritannia | ||
Nettstad | http://www.channel4.com (engelsk) |
Channel 4 er ein britisk fjernsynskringkastar. Han blei oppretta i 1982 etter ei avgjerd i Det britiske parlamentet som eit supplement til kanalane ein allereie hadde. Channel 4 er for det meste finansiert av reklame, men har på same måte som BBC ei rolle som allmennkringkastar ved å senda publikumsinformasjon og driva skulefjernsyn. Kanalen blir send i England, Skottland og Nord-Irland. Wales har ein lokal variant, S4C, som sender andre Channel 4-program i tillegg til program på walisisk.
Channel 4 starta sendingane sine 2. november 1982, to år etter at avgjerda om å starta han blei teken. Kringkastaren var opphavleg underlagd Independent Broadcasting Authority (IBA),[2] men har no Channel Four Television Corporation som eigar. Dette føretaket blei skipa i 1990 og er underlagt det britiske Department for Digital, Culture, Media and Sport.[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Contact Information».
- ↑ Catterall, Peter (2013). The Making of Channel 4. Routledge. ISBN 978-1135018870.
- ↑ «Channel 4». Gov.uk. Henta 114. april 2019.
- Denne artikkelen bygger på «Channel 4» frå Wikipedia på engelsk, og «Channel 4» frå Wikipedia på bokmål den 14. april 2019.