Chicxulubkrateret
Chicxulubkrateret er eit nedslagskrater, der den eine halvdelen ligg under jorda inne på Yucatánhalvøya i Mexico, medan den andre halvdelen ligg under Det karibiske havet utanfor halvøya. Sentrum av krateret ligg omtrent ved byen Chicxulub. Undersøkingar har vist at nedslaget fann stad i den siste delen av krittida for om lag 65 millionar år sidan.
Nedslaget og følgjene
[endre | endre wikiteksten]Meteoritten, ein asteroide eller ein komet, reknar ein med må å ha vore omtrent 10 km i diameter og nedslaget skapte enorme tsunamiar som flytta seg i alle retningar. Støv og andre partikler nådde høgt opp i atmosfæren, der dei blokkerte for sollyset. Det påfølgjande, kraftige temperaturfallet overalt på jorda tilsvarar den atomvinteren som ville vorte følgja av ein atomkrig.
Utsletting av dinosaurane
[endre | endre wikiteksten]Tidspunktet stemmer godt overeins med teorien til fysikaren Luis Alvarez og sonen hans, geologen Walter Alvarez, som kan forklare utslettinga av dinosaurane. Dei påstår at det kraftige fallet i talet på artar (òg for andre artar enn dinosaurane) kan ha kome av nettopp ein meteoritt på denne storleiken.
Hovudbeviset ligg i eit tynt, iridiumhaldig lag, som skil laget frå krittida frå laget frå paleogen overalt på jorda (K-T-grensa). Iridium er eit sjeldant metall på jorda, men er vanleg i meteorittar. Ein førestiller seg at hendingsforløpet i samband med nedslaget er heilt eller delvis skuld i at så mange artar gjekk tapt nettopp ved overgangen mellom krittida og tertiærtida. Teorien er i dag akseptert av dei fleste forskarar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Chicxulubkrateret» frå Wikipedia på bokmål, den 7. mai 2010.