Christian Cantwell
Utsjånad
Christian Cantwell | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 30. september 1980 (44 år) Jefferson City, Missouri |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008 |
Christian Cantwell (fødd 30. september 1980) er ein USA-amerikansk friidrettsutøvar frå Jefferson City i delstaten Missouri som vart verdsmeister i kulestøyt i 2009.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Cantwell vann sølvmedaljen i kulestøyt under dei olympiske leikane 2008 i Beijing med eit bestestøyt på 21,09 meter, Tomasz Majewski frå Polen tok gullmedaljen. Under VM i friidrett 2009 i Berlin bytta dei plass, Cantwell vann gullet med 22,03 meter og Majewski sølvet med 21,91 m. Ved friidretts-VM 2011 i Daegu presterte Cantwell som best 21,36 m, noko som gav han bronsemedaljen i tevlinga.
Cantwell sin personlege rekord er 22,54 meter, oppnåd i Gresham i Oregon den 5. juni 2004.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Christian Cantwell» frå Wikipedia på engelsk, den 18. august 2015.
Denne idrettsartikkelen som har med USA å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
Kategoriar:
- Einskildmenn
- Fødde i 1980
- Kulestøytarar frå USA
- Verdsmeistrar i friidrett for USA
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for USA
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2008
- USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2008
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008
- USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2012
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012