Christian Karembeu
Karembeu i 2014 | |||
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Christian Karembeu | ||
Fødselsdato | 3. desember 1970 (53 år) | ||
Fødestad | Lifou i Ny-Caledonia | ||
Høgd | 178 cm | ||
Posisjon | Midtbanespelar | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1990-1995 | Nantes | 130 | (5) |
1995-1997 | Sampdoria | 62 | (6) |
1997-2000 | Real Madrid | 51 | (1) |
2000-2001 | Middlesbrough | 33 | (4) |
2001-2004 | Olympiakos | 88 | (5) |
2004-2005 | Servette | 23 | (2) |
2005-2006 | Bastia | 7 | (0) |
Totalt | 414 | (23) | |
Landslag | |||
1992-2002 | Frankrike | 53 | (1) |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Christian Karembeu (fødd 3. desember 1970) er ein fransk tidlegare fotballspelar, fødd i Lifou i Ny-Kaledonia, som vart verdmeister med Frankrike i 1998 og same året vann Meisterligaen med Real Madrid. I tida 1992-2002 deltok han i 53 landskampar for Frankrike og skåra eitt mål.
Sidebacken/kantspelaren Karembeu var Nantes-spelar i fem sesongar til 1995. Dei neste to sesongane spelte han på italienske Sampdoria, før han i tre sesongar var knytt til Real Madrid. Han var med på meisterligatriumfen til Real i 1998, men var vraka då Real atter vann Meisterligaen i 2000. Etter å ha spelt ein sesong i engelske Middlesbrough FC spelte han i tida 2001-04 på greske Olympiakos Pireus. Han avslutta karrieren med spel i sveitsiske Servette Geneve og i Bastia i 2004 og -05.
Karembeu debuterte på Frankrike sitt landslag i november 1992, men det var fyrst i 1994 han kom inn i fyrsteellevaren. Han var med i fotball-EM 1996, VM i fotball 1998 og fotball-EM 2000. Både i EM 1996 og VM 1998 på heimegrunn presterte han godt. Høgdepunktet var VM-finalen 12. juli 1998, der Frankrike vann 3-0 over Brasil; Karembeu spelte då på venstrekanten til han vart bytta ut etter å ha fått gult kort då kampen var 56 minuttar gammal. Sitt einaste landslagsmål skåra Karembeu då han i ein VM-kvalifiseringskamp i Bucuresti gav Frankrike leiinga 1-0.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Christian Karembeu» frå Wikipedia på tysk, den 31. mai 2016.