Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Christian von Wolff

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Christian von Wolff

Fødd24. januar 1679
Wrocław
Død9. april 1754
Halle (Saale)
NasjonalitetKongedømet Preussen
Områdematematikk, filosofi, juss, metafysikk, filosofisk logikk, utdannelsessystem
Yrkejurist, matematikar, filosof, universitetslærar
InstitusjonarUniversitetet i Leipzig
Philipps-Universität Marburg
Martin-Luther-Universität Halle-Wittenberg
Alma materFriedrich-Schiller-Universität Jena
Universitetet i Leipzig
DoktorgradsrettleiarGottfried Leibniz
Ehrenfried Walther von Tschirnhaus
Christoph Pfautz
MedlemRoyal Society
Det prøyssiske vitskapsakademiet
Det franske vitskapsakademiet
Det russiske vitskapsakademiet
Vitskapsakademiet i St. Petersburg

Christian von Wolff (24. januar 16799. april 1754) var ein tysk filosof som var professor i filosofi ved universitetet i Halle 1706–1723 og frå 1740 til han døydde, og dessutan ved universitetet i Marburg 1723–1740.

Wolff vidareutvikla Leibniz sine teleologiske idear, som plasserer mennesket på toppen av skaparverket, ein systematikk som prøvde sameina bildet av mennesket som symptom på systemet skapt av Gud, med bildet av mennesket som årsak. Ifrå Leibniz overtok han også omgrepet om monadar og utvida tydingsfeltet for dette påtakeleg.

Wolff fekk ein stor påverknad på tysk opplysingsfilosofi, og skipa mellom anna omgrepet Begriff. Wolff skal ha «lært filosofien å snakka tysk», ettersom han skreiv på dette språket, i lag med latin, det lærde språket i samtida hans.

Christian Wolff var fødd i 1679 i Breslau i Schlesien. Han studerte ved universitetet i Jena, fyrst teologi og sidan matematikk, fysikk og filosofi. Han blei dosent ved universitetet i Leipzig 1703 og professor i matematikk ved universitetet i Halle 1707. Frå 1711 held han òg forelesingar i filosofi. Han blei skulda for irreligiøsitet, og blei i 1723 avsett frå professoratet sitt og forvist frå Preussen, men blei i staden professor i matematikk i Marburg. Fyrst i 1740 blei han kalla tilbake til Halle av Fredrik den store, og blei igjen utnemnd til professor i matematikk og i tillegg i natur- og folkerett. Han blei også opphøga til friherre. Han døydde i Halle 1754.

Lære og virke

[endre | endre wikiteksten]

Både som filosof og som matematikar hadde Wolff ein omfattande forfattaraktivitet, men avgrensa seg hovudsakleg til eklektisisme gjennom å samla og ordna materiale som andre vitskapsmenn, særleg Leibniz sin rasjonalisme, skolastikarane og René Descartes, hadde ført for dagen. Òg innanfor matematikkhistoria har Wolff ei rolle hovudsakleg som forfattar av lærebøker. Han skreiv desse innanfor nesten alle greinene av matematikken, av og nokre av dei kom ut i fleire opplag.

Wolff har fått ein framståande plass i filosofihistoria fordi han omsette Leibniz sine idear, som kunne vera uklare, til ei systematisk form. Av reint formelle grunnar måtte han då endra dei på visse punkt, og på denne måten kom han til å framstilla eit ege filosofisk system. Det metafilosofiske grunnlaget hans var å studera essens og ikkje eksistens, og gjennom å føra saman tankar hjå Leibniz og Descartes med aristotelismen frå skolastikken, blei ontologi det området han særleg utvikla, med Leibniz sine teleologiske prinsipp. Med dette grunnlaget skreiv han talrike bøker innan ulike emne, naturvitskaplege så vel som humanistiske og teologiske.

Av grunntankane i det filosofisk verdssynet til Leibniz heldt Wolff på læra om monadane, teodikken og fornufta sin påverknad på viljen. Men han rekna monadane, som ikkje er sjelar, heller ikkje har persepsjonsevne, og at harmonia praestabilita mellom sjel og kropp som Leibniz antok berre burde reknast som ein hypotese, slik at ein naturlig samverknad mellom dei ikkje blei logisk umogleg.

Wolff viste seg mest sjølvstendig ved framstillinga av praktisk filosofi, som Leibniz hadde lite interesse for. Oppdraget til mennesket er ifølge Wolff å utvikla seg til å bli stadig meir fullkomne. Fullkomenheit i moralsk tyding er for Wolff samsvaret mellom handlinga og naturen til den handlande, og med følgjene som handlinga framkallar. På grunn av det solidariske sambandet mellom alle menneske må det enkelte mennesket for å gjera mogleg si eiga utvikling fremja utviklinga til dei andre. Wolff si lære om det moralsk gode inneheld derfor ei tilnærming til å skipa ei pliktlære.

Også staten blei forklart av Wolff som å koma frå menneska sitt strev etter fullkomenheit; han meiner denne har oppstått gjennom ein sosial kontrakt og viser til gjensidig vern og nytte under dette strevet.

Wolff klarte snart å vinna mange tilhengarar for det filosofiske systemet sitt, og skulen hans herska ved dei fleste av dei tyske universiteta heilt til enden av 1800-talet. Mellom læresveinane hans bør særleg nemnast Alexander Gottlieb Baumgarten, Immanuel Kant og Eric Alstrin, og rettsfilosofar som Emerich de Vattel. På den andre sida var det ikkje mangel på motstandarar, særleg blant teologane, som Johann Franz Buddeus, Johann Andreas Rüdiger, Christian August Crusius og Joachim Georg Darjes.

Wolff har gjeve namn til Mons Wolffmånen.

Bibliografi i utval

[endre | endre wikiteksten]
  • Vernünftige Gedanken von Gott, der Welt under der Seele der Menschen (1720)
  • Vernünftige Gedanken von dem gesellschaftlichen leben der Menschen (1721)
  • Vernünftige Gedanken von den Wirkungen der Natur (1723)
  • Vernünftige Gedanken von den Absichten der natürlichen Dinge (1724)
  • Vernünftige Gedanken von den Teilen der Menschen, Tiere und Pflanzen (1725)
  • Philosophia Prima sive Ontologia (1729)
  • Jus naturae methodo scientifica pertractatum (I–VIII, 1740–1748)
  • Philosophia moralis (I–IY, 1750–1753)
  • Elementa matheseos universae (1713–1715; 3 uppl. i 5 band 1750)
  • Auszug aus den anfängsgründen aller mathematischen wissenschaften (1713; många upplagor ända till 1818)
  • Geometrie i sammandrag (1793; 4 uppl. 1832), på svenska av C. Stridsberg

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]
  • Frängsmyr, Tore, Wolffianismens genombrott i Uppsala (1972)