Dansk litteratur
Dansk litteratur omfattar litteratur skriven av danskar, i Danmark eller på dansk. Dei fyrste spora stammar frå runeinnskrifter frå jernalderen og vikingtida, men begynner for alvor i mellomalderen og nyare tid. Dansk litteratur omfattar forfattarar som Saxo Grammaticus, Søren Kierkegaard, H.C. Andersen, Henrik Pontoppidan og Karen Blixen. Sidan Danmark i ein del av historia si òg hadde overherredøme over Noreg, har dei to nasjonane mykje felles kultur og litteratur og deler derfor ein del forfattarar. Den best kjende av desse er Ludvig Holberg.
Mellomalderen
[endre | endre wikiteksten]Dei eldste bevarte tekstane frå Danmark er runeinnskrifter på minnesteinar og andre objekt. Ein del av desse består av korte dikt i stavrim. Religionsskiftet til kristendommen betydde at Danmark kom i tettare kontakt med den europeiske lærdomstradisjonen då kyrkjefolk utdanna i latinsk skriftkunne kom til landet. På 1100-talet blei dei fyrste eigentlege danske litterære verka til, og kring 1200 blei hovudverket frå dansk mellomalder, Gesta Danorum (Føretaka til danane) om den heroiske fortida til Danmark skrive av Saxo på latin. Dette var ikkje berre ei krønike om gamle dagar, men òg ei samtidsaktuell politisk forteljing. Dei omfattande legendariske forteljingane om dei fyrste danske kongane hadde stor underhaldningseffekt, og bidrog til å skapa ei dansk sjølvforståing og utanlandsk respekt. Dette gjaldt ikkje berre i høgmellomalderen, men heilt opp i nyare tid. Boka blei fyrst trykt i Paris i 1514. Saxo har vore kjelde til soga om Hamlet, som blei hovudperson i det kjende verket til William Shakespeare. Men teksten til Saxo er òg ei viktig primærkjelde til studiet av skandinaviske mytar og legender i tillegg til å vera ei livleg attgjeving av dansk historie fram til forfattaren si eiga tid. Sjølv om Saxo truleg tilhøyrde kyrkja var verket hans verdsleg i natur, i motsetnad til erkebiskop Anders Sunesen (ca. 1167-1228) sitt verk Hexaëmeron. Med det konstruerte han ein teologisk skapingsdikt på latin, skrive på heksameter som framstilte dogme i den skolastiske teologien i 8 040 vers.
Ein viktig dansk sjanger frå mellomalderen er folkevisa, den danske utgåva av den felleseuropeiske balladesjangeren. Over 500 ulike songar har overlevd til dag, meir enn nokon anna europeisk land. Mange av dei blei skrivne ned i manuskript frå renessansen, andre frå 1700- og 1800-talet. Balladane blei gjennom heile mellomalderen og seinare overlevert munnleg, og var hovudsakleg episke dikt. Innhaldet var normalt riddarromansar og eventyr, men det kunne òg vera svært burleske songar. Alderen deira er framleis diskutert, men mellom 1200 og 1500 er den tidsperioden som er mest føreslått for dateringa av dei. Ein av grunnane til at så mange ballade blei bevarte i Danmark var at adelskvinner allereie på 1500-talet byrja å skriva ned dei hittil muntlege balladane. På grunnlag av desse gav presten og historikaren Anders Sørensen Vedel (1542-1616) boka Hundredvisebogen i 1591. Ho var då den fyrste av sitt slag i Nord-Europa. Vedel gav òg ut ei omsetting av Gesta Danorum til dansk mellom 1570 og 1575. I 1695 gav presten og språkforskaren Peder Syv (1631-1702) ut ei ny utgåve av Vedel si visesamling med ei utviding på hundre nye balladar, som han kalla Kjæmpevisebogen. Boka blei svært populær, ikkje berre i Danmark, men òg i Noreg og på Færøyane. Danske balladar blei òg omsette til tysk, blant anna av Johann Gottfried von Herder i 1778-1779. Her fann Johann Wolfgang Goethe inspirasjon til diktet sitt Der Erlkönig (1782)
Reformasjonen
[endre | endre wikiteksten]På 1500-talet gjekk Danmark gjennom den lutherske reformasjonen, noko som også byrja ein ny periode i litteraturen. Betydelege forfattarar frå denne tida er humanisten Christiern Pedersen (ca. 1480-1554), som omsette Det nye testamentet til dansk, og humanisten Poul Helgesen (1485-1534), som motsette seg reformasjonen heftig. Han skreiv Skibbykrønika på latin, eit historisk verk der han særleg tok for seg si eiga samtid i ei sterkt polemisk form. På 1500-talet blei òg dei fyrste skodespela skrivne i Danmark, m.a. av Hieronymus Justesen Ranch (1539-1607). Frå handa hans kom som Kong Salomons hyldning (oppført 1584), Samsons fengsel (oppført 1599), Karrig Niding (oppført 1633) og Fuglevisen (oppført 1876).[1][2]
Fyrst på 1600-talet ved byrjinga av eineveldet byrja ein bevisst språkpolitikk då dei lærde institusjonane byrja å etablera eit regulært og einsretta skriftspråk. Presten Thomas Kingo (1634-1703) var den store salmediktaren i denne epoken. Han debuterte i bokform i 1655 med Seeby-Gaards-koe-klage (dikt), og frå 1665 gav han jamleg ut diktsamlingar og skreiv fleire salmar. Mange av dei blei som noko nytt skrivne til verdslege melodiar. Kingo si salmebok, med den offisielle tittelen Dend Forordnede Ny Kirke-Psalme-Bog, blei autorisert av kongen i 1699 til bruk i alle kyrkjer i Danmark- Noreg. Med dei lidenskapelege salmane hans fekk songen eit nytt, sanseleg litterært uttrykk. 1600-talet var, med lærde som Ole Worm (1588-1654) i fyrste rekkje, òg ei tid for fornya interesse for skandinavisk oldtid, sjølv om religiøs dogmatisme framleis stod sterk. Eksterne stridar med Sverige og intern rivalisering blant den danske adelen, som førte til eineveldet i 1660, blei nedskrive frå ein perspektivet til ein kongeleg fange i Jammersminde. Dette er eit inderleg stykke prosa av Leonora Christina Ulfeldt (1621-1698), som sat fengsla i Blåtårn i nær 21 år. Verket blei fyrst gjeve ut i 1869.
«Far til dansk litteratur»
[endre | endre wikiteksten]Tradisjonelt har danske litteraturhistorikarar sett på Ludvig Holberg (1684-1754) som faren til dansk litteratur. Holberg, som var fødd i Bergen, hadde ein omfattande produksjon; han skreiv farsar, historiske og moralfilosofiske verk. Dansk dramatradisjon har opphavet sitt, og, kanskje òg høgdepunktet sitt, i dei 25 komediane som Holberg skreiv i eit veldig kreativt utbrot (Den poetiske raptusen) for Vesle Grønnegade Theatre (1722-1728), på ei tid då dansk scenekunst ellers var ny og ukjend. Nokre av verka hans blir framleis oppførte, m.a. Den politiske Kandestøber, Jeppe paa Bierget, Den Stundesløse og Erasmus Montanus.
Holberg var delvis inspirert av den franske komedieforfattaren Molière (1622-1673) dels av romaren Plautus (254 fvt.-184 fvt.) sine burleske komediar og dels av italiensk commedia dell'arte, det folkelege gateteateret han sjølv hadde sett i Roma. Opplysningstida sine tankar om sunn fornuft, som Holberg sidan gjorde seg til talsmann for i dei historiske og filosofiske verka sine, er derimot vanskelege å finna i teaterstykka hans, som i staden var forma av ein robust og barokk samtidshumor.
Romantikken
[endre | endre wikiteksten]I tida mellom opplysingstida og romantikken gjorde Jens Baggesen (1764-1826) seg kjend. Det fyrste forsøket hans som diktar byrja med små komiske vers i stil med dei til norske Johan Herman Wessel (1742-1785). Hovudverket kom med Labyrinthen (1792-1793), ei halvbiografisk skildring av ei reise gjennom Europa, og som òg nærast er ein tidleg psykologisk roman. Nær ein tredel av forfattarskapen til Baggesen var skriven på tysk, og det store episke diktet hans Parthenaïs (1802-1803), som kom i fleire omsetjingar, blei ikkje gjeve ut på dansk før så seint som i 1965.
Steen Steensen Blicher (1782–1848) fekk gjennombrot som novelleforfattar då hans Samlede Noveller, bd. 1-4, kom ut i 1832 og 1834. Populariteten hans hjå lesarane gjorde ikkje inntrykk på meldarane, som generelt rekna produksjonen hans som mindre viktig. Fyrst langt seinare blei den «tragiske realismen» hans anerkjend.[3]
Adam Oehlenschläger (1779-1850) sin forfattarskap har to hovudverk: Digte 1803 (som kom ut allereie i 1802), og Poetiske Skrifter I- II (1805), m.a. med diktet Aladdin. Eit av dei best kjende dikta hans er i den fyrste samlinga, og er «Guldhornene» (sjå Gallehus-horna). Oehlenschläger blir rekna som den fyrste store romantiske forfattaren i Danmark, og det mest berømte verket hans er den danske nasjonalsongen «Der er et yndigt land».
Oehlenschläger innleidde både romantikken og den såkalla danske gullalderen eller Københavnerskolen.[4] Dette viser til ein periode i dansk historie då kunst- og kulturlivet, særleg i København, nådde eit høgdepunkt. Perioden strekte seg frå kring 1800 til 1850.[5] Byrjinga på gullalderen blir normalt sett til samanfallet av to hendingar: Oehlenschläger sitt dikt «Guldhornene» og naturfilosofen Heinrich Steffens (1773-1845), som var fødd i Stavanger, sin heimkomst etter danningsreisa si og foredraget hans om turen. Avslutninga på perioden blir vanlegvis sett til rundt 1848/50, då dei mest viktige namna anten var døde eller ikkje lenger var aktive.
I ry og opplag kjem Oelenschläger, som elles var godt kjend i Europa, særleg i Tyskland, likevel ikkje i nærleiken av ryet til H.C. Andersen (1805-1875). Litteraturhistorisk er H.C. Andersen blitt karakterisert som den danske forfattaren som markerer overgangen frå romantikken til tidleg realisme. Utgangspunktet hans som diktar var ikkje lett; faren hans døydde medan han var og ung, og han fekk berre ei nødvendig utdanning i fattigskulen. Allereie på 1830- og 1840-talet fekk romanane og eventyr hans eit gjennombrot i mange land, fyrst i tysk omsetjing og sidan på engelsk. I 1859 blei han i ein fransk biografisk encyklopedi omtalt av Louis Gustave Vapereau som ein av dei mest originale poetane i europeisk litteratur på 1800-talet.[6]
Trass i det øvrige forfattarskapen sin er det først og fremst eventyra sine Andersen blir huska for, og som er blitt omsett til meir enn hundre språk. Blant dei er «Kejserens nye klæder» (1837), «Den grimme ælling» (1843) og «Pigen med svovlstikkerne» (1848). I ettertida har eventyra gitt han ein redusert status som ein idealistisk forfattar for barn, men desse fabulerande forteljingane har fleire lag som ikkje nødvendigvis blir oppfatta på same måte av alle aldersgrupper, og fleire av dei vart ikkje ein gang skrive med barn for auget, noko H.C. Andersen sjølv la stor vekt på. Meir enn nokon annan dansk forfattar har H.C. Andersen fått ein nær ikonisk posisjon.
Thomasine Gyllembourg kan reknast som ein sein romantikkar eller ein tidleg realist gjennom å drøfta problem og skildra personar med psykologisk realisme i sine forteljingar som kom ut mellom 1827 og 1845.[7]
Kierkegaard og Grundtvig
[endre | endre wikiteksten]Den lyriske filosofen Søren Kierkegaard (1813-1855), ein samtidig avH.C. Andersen, blei nærast rekna som eit marginalt fenomen i si eiga tid. Men sidan er han blitt rekna som den største danske filosofen og som farr til kristen eksistensialisme. Eksistensfilosofien til Kierkegaard krinsa kring ulike «stadium på livsens veg». Det er karakteristisk at verka frå den fyrste fasen av forfattarskapen hans er gitt ut under pseudonym, men i Efterskriften vedkjenner Kierkegaard seg alle verka sine. Han var òg ein polemikar, og i kyrkjestormen i 1855 gjekk Kierkegaard eitrande og sarkastisk imot kyrkja og presteskapet i henne. Frygt og Bæven (1843) og Begrebet Angest (1844) er dei to av verka hans som har mest kjende i ettertida. Logikk og lærdom var sentrale tema i forfattarskapen hans, som er rikt i omfang og fantasi. Han er kjend for at på ein gong å skriva så vanskeleg at det er heilt uforståeleg, men samtidig så lett og vent, at han blir rekna som ein av dei største prosaistane i Danmark.
Ein annan forfattar som framleis har stor innverknad på dansk samfunn og kultur er presten, poeten og skulereformatoren Nikolai Frederik Severin Grundtvig (1783-1872). Ideane hans om folkehøgskulen og om pedagogikk generelt har hatt ein gjennomgripande effekt på utdanningssystemet. Grundtvig meinte at læring ikkje fyrst og fremst skulle bestå av pugging av teoriar som berre hadde lite å gjera med kvardagen til elevane. Læring skulle i staden utviklast gjennom det levande ordet i samtale mellom elev og lærer, og i foredrag der det var kvardagslivet til elevane som stod i fokus. Utover salmane er den kolossale forfattarskapen til Grundtvig derimot berre sjeldan blitt utgitt att i nyare tid. Det bestod m.a. av teoretiske verk om Nordens mytologi. Det grunnleggjande temaet i Grundtvig si behandling av mytologien er påstanden om eksistensen av ein høgare gud over æsene, kalla «Alfader» (i dag forklart som eit av tilnamna til Odin). Grundtvig sitt forsøk på å tolka dette i ein kristen samanheng har ikkje vunne tilslutting sidan. Boka kom ut både i Sverige og Tyskland. Ein personleg krise førte til at han vende seg mot Martin Luther, og samlediktaren kom til syne igjen; dette resulterte m.a. i salmen «Dejlig er den himmel blå» (1811), ein av dei mest populære danske julesalmane. Grundtvig var nasjonal i tankegangen sin, og arbeidde i diktinga si m.a. med den eldre danske folkevisetradisjonen som ein tolka som ein genuin folkeleg sjanger.
Det moderne gjennombrotet
[endre | endre wikiteksten]Litterær kritikk og analyse var i den spede byrjinga si i den fyrste halvdelen av 1800-talet. Men med kritikaren og litteraturforskaren Georg Brandes (1842-1927) fekk dei eit førebels høgdepunkt. Det fyrste viktige bidraget hans til litteraturkritikken var Æstetiske Studier (1868). Dette verket består av fleire korte monografiar over danske poetar. Det mest ambisiøse verken hans var Hovedstrømninger i det 19. Aarhundredes Litteratur som kom ut i fire band mellom 1872 og 1875. Her formulerte den 30 år gamle Brandes prinsippa for ein ny realisme og naturalisme med orda: «Det, at en litteratur i vore dage lever, viser sig i, at den sætter problemer under debat.»
Brandes si oppdaging av Friedrich Nietzsche (1844-1900), som han introduserte for nordisk kulturlivet i samband med ei forelesing i København våren 1888, var kanskje den som fekk størst innverknad seinare. Førelesinga blei omarbeidd til ein stor artikkel, Aristokratisk Radikalisme, som kom ut på dansk og i ei tysk omsetjing i 1890. Gjennom Brandes sine skrifter spreidde ryet til Nietzsche seg over heile Europa. Tidlegare hadde han stort sett vore ukjend. Den varige påverknaden bestod mindre av Nietzsche i seg sjølv, som eit skrivande og tenkande menneske, men heller at intellektuelle i Danmark og resten av Norden blei nøydde til å formulera sitt eige standpunkt i høve til den tyske filosofen. Dette gald også nordmennene Henrik Ibsen og Arne Garborg, svenskane Ola Hansson og August Strindberg, og dessutan danske Henrik Pontoppidan og ikkje minst filosofen Harald Høffding (1843-1931), som protesterte heftig mot Brandes i artikkelen Demokratisk Radikalisme. En Indsigelse det same året.
Brandes var ei viktig stemme i nordisk og europeisk debatt i samtida. Han tala for ei ny journalistisk form og debattånd for det han kalla ein ny tidsalder. Rørsla Brandes såg i 1870-1880-åra kalla han Det moderne gjennombrotet. Kulturradikalismen hans blei i fleire former verande eit framståande trekk i den danske kulturdebatten heilt til notida. Brandes fekk òg varig tyding for svensk og norsk litteratur gjennom påverknaden sin på forfattarar frå begge land.
Ein av dei viktigaste forfattarane i perioden, også internasjonalt, var romanforfattaren, lyrikaren og forskaren J.P. Jacobsen (1847-1885). Han var ein føregangsmann for naturalismen i dansk litteratur, og blei sjølv ein del av det moderne gjennombrotet. Hans eige liv blei kort, då han døydde berre 38 år gamal.
J.P. Jacobsen gjorde botanikk til faget sitt, og då han oppdaga at Charles Darwin ikkje var kjent i Danmark omsette han sjølv Origin of Species og Descent of Man til dansk. Profesjonelt var J.P. Jacobsen ein dyktig forskar, men på fritida skreiv han dikt og andre tekstar. Dei samla verka hans består av to romanar, sju noveller og ei diktsamling som kom ut etter at han var død. Den vesle mengda verk var nok til å plassera han blant dei mest innverknadsrike danske forfattarane. Eit døme er den historiske romanen Fru Marie Grubbe (1876), som var den fyrste framstillinga av ei kvinne som eit seksuelt vesen på dansk. Den andre romanen hans, Niels Lyhne (1880), følgde lagnaden til ein ateist i ei nådelaus verd: mangelen hans på tru blir stilt på prøve ved tragediar og personlege krisar til han døyr i krig, desillusjonert, men ikkje angrande. Den fyrste romanen til J.P. Jacobsen føregreip på mang vis D. H. Lawrence, medan han også inspirerte m.a. den tyske forfattaren Thomas Mann og den engelske komponisten Frederick Delius i operaen Fennimore og Gerda (1908-1910).
Andre forfattarar som er blitt knytte til det moderne gjennombrotet er mellom anna Holger Drachmann (1846–1908), Herman Bang (1857-1912), Sophus Schandorph og Henrik Pontoppidan (1857-1943). Pontoppidan fekk Nobelprisen i litteratur i 1917.[8]
1900-talet
[endre | endre wikiteksten]Mellomkrigsåra
[endre | endre wikiteksten]1900-talet blei innleidd med ei rekkje reaksjonar mot den naturalistiske rørsla, som i høgare grad hadde nasjonal karakter. Naturalismen blei vidareført av m.a. Martin Andersen Nexø, som med Pelle Erobreren (1906-1910) braut nye grensar ved å presentera arbeidarklassa, og særleg gjennom portretta sine av arbeidarkvinner. I denne perioden var det òg ein tendens til ein regional litterær tilgang, eit eksempel var Jeppe Aakjær (1866–1930) og kona hans Marie Bregendahl med tekstar frå Jylland. Ved å fokusera meir på personlege bekymringar førte Johannes Jørgensen (1866–1956) og nobelprisvinnaren Johannes V. Jensen (1873–1950) ein heilt ny dimensjon inn i poesien, ved å flytta fokus frå lyrisme til eksistensialisme.[9]
Karen Blixen (1885–1962), som òg brukte pseudonymet Isak Dinesen, var ein følsam forfattar som skreiv både på dansk og engelsk, og som ofte brukte ein eventyrleg stil. Det fyrste verket hennar som hadde suksess var den gåtefulle Seven Gothic Tales, som kom ut i USA i 1934 og på dansk som Syv fantastiske Fortællinger i 1935. Andre av det vesentlege verka hennar er erindringane Den afrikanske Farm (1937), som tek for seg opplevingane hennar i Kenya, og dei to novellesamlingane Vinter-Eventyr (1942) og Siste Fortællinger (1957).[9]
Etterkrigstida
[endre | endre wikiteksten]Tove Ditlevsen (1917–1976) var ein innverknadsrik diktar, novelle- og romanforfattar og essayist, og ein av dei mest lesne kvinnelege forfattarane i Danmark. Særleg den direkte stilen hennar og ærlege skildringar av barndommen sin i fattigkvarteret i København gjorde henne særs populær allereie i 1940-åra. Blant dei mest populære verka hennar er erindringsromanane Barndommens Gade (1943) og Det tidlege forår (1976).[10]
Klaus Rifbjerg (1931–2015) gav ut over 100 romanar, dikt- og novellesamlingar og skreiv talrike fjernsyns- og filmmanuskript. Ein av dei mest lesne romanane hans er Den kroniske uskyld (1958), som handlar om ein generasjon som opplevde problem både med den personlege utviklinga si og seksualiteten sin. Med denne skapte Rifbjerg eit bilde av seg sjølv som ein provoserande og skandaløs forfattar. Romanen, som i dag blir rekna som ein klassikar, er det fyrste verket hans med puberteten som tema. Dette opptrer òg i mange av dei seinare verka hans.[11]
Dan Turèll (1946–1993) var ein svært produktiv forfattar som både skreiv ein serie på 12 kriminalromaner, med Mord i mørket (1981) som den fyrste og Mord i San Francisco (1990) som den siste, ein lidenskapeleg sjølvbiografi, Vangede billeder (1975), fleire diktsamlingar med moderne dikt, essay, avisspalter og anna.[12]
Leif Davidsen (fødd 1950) arbeidde før gjennombrotet sitt som forfattar som frilansjournalist for Danmarks Radio og fleire aviser i Spania og Sovjetunionen. Han skriv hovudsakleg thrillerar som kombinerer politikk og spionasje i Aust-Europa. Han gav ut den fyrste boka si i 1984.[13] Denne blei etterfølgd av fleire andre, som har oppnådd stor popularitet i Danmark, og som er blitt omsette til fleire språk.[14] Romanane Den russiske sangerinde (1988), Den serbiske dansker (1996) og Lime's billede (1998) er alle blitt filmatiserte.
Bjarne Reuter (fødd 1950) er ein produktiv og populær forfattar, særleg innan barnelitteratur. Fleire av historiene hans er filmatiserte, til dømes Zappa (1977), Busters Verden (1979) og Drengene fra Sankt Petri.[15] Brorparten av bøkene hans føregår i København på 1950-åra og 1960-åra, særleg i Brønshøj. Reuter er i dag ein av dei mest lesne forfattarane i Danmark.
Peter Høeg (fødd 1957) byrja den litterære karrieren sin i 1988 med romanen Forestilling om det tyvende århundrede, der fargerike karakterar opplever Danmark si utvikling til den moderne velferdsstaten. Det var likevel Frøken Smillas fornemmelse for sne frå 1992 som gav han eit eigentleg gjennombrot. Boka, som blei filmatisert i 1997, handlar om den grønlandske kvinna Smilla sitt forsøk på å løysa mysteriet bak døden til ein liten gut etter eit fall frå eit hustak ned i snøen under. Høeg har siden gjeve ut De måske egnede (1994), Kvinden og aben (1996) og Den stille pige (2007).[16]
Christian Jungersen (fødd 1962) har vore på bestseljarlistene både i Danmark og i utlandet med tre romanar, Krat, Undtagelsen og Du forsvinder. Romanane er alle realistiske og har fokus på nyansane i det psykologiske spelet mellom dei få hovudpersonane. Alle dei tre romanane har vunne literaturprisar, og Undtagelsen kom på fyrsteplassen då lesarane av Berlingske Tidende røysta om den beste danske romanen i perioden 2000-2009.
Jens Christian Grøndahl (fødd 1959) byrja den litterære karrieren sin i 1985 med romanar skrivne i den noko kompliserte franske nouveau roman-stilen. Gjennombrotet hans kom i 1998 med den meir tradisjonelt konstruerte romanen Lucca, som hadde ein langt meir generell appell. Særleg den psykologiske innsikta hans i forhold mellom ulike personar har vore medverkande til å gjera Grøndahl til ein av dei mest anerkjende moderne forfattarane i Danmark.[17]
Andre populære forfattarar er mellom anna:
- Benny Andersen (fødd 1929) er favorittdiktar i Danmark om ein dømmer ut frå talet på selde eksemplar. Diktsamlinga hans Samlede digte (1998) er blitt selt i over 100.000 eksemplar. Dikta hans er omsette til meir enn tjue språk.[18]
- Jane Aamund (fødd 1936) skapte bestseljarar i 1990-åra med erotiske sjølvbiografiske verk.[19]
- Anders Bodelsen (fødd 1937) sine realistiske verk omfattar thrillerar som speler seg ut i eit middelklassemiljø, og har fokus på dei negative sidene ved forbrukssamfunnet.[20]
- Christian Kampmann (1939–1988) har særleg fokusert på overklassen i dansk etterkrigstid. Romanserien om Familien Gregersen frå 1970-åra står som eit hovudverk[21]
- Svend Aage Madsen (fødd 1939) kombinerer i romanane sine gjerne realisme med fantasy, dette gjeld t.d. Tugt og utugt i mellemtiden (1976).[22]
- Dea Trier Mørch (1941–2001) oppnådde internasjonalt ry i 1976 med romanen Vinterbarn, som handlar om bekymringane til kvinner og problem i samband med fødslar.[23]
- Jakob Ejersbo (1968–2008) braut gjennom med romanen Nordkraft. Før han døydde skreiv han ein trilogi basert på sin eigen oppvekst i Tanzania. I dei to romanane Eksil og Liberty og i novellesamlinga Revolution fokuserte han på grunnleggjande nødvendigheiter og lengslar i menneskelivet.[24]
- Jussi Adler-Olsen (fødd 1950) blei ein bestseljarforfatter i 1997 med den fyrste romanen sin Alfabethuset. Denne blei følgd av fleire populære thrillerar, som Flaskepost fra P (2009).[25]
Litteraturkanon
[endre | endre wikiteksten]I Danmarks kulturkanon (utforma av Kulturministeriet og Politikens Forlag i 2006) er følgjande verk utpeikte som dei mest vesentlege i dansk litteratur:
- Leonora Christina (1621-98): Jammers Minde, skrive 1673-74, gjeve ut i 1869
- Steen Steensen Blicher (1782-1848): Præsten i Vejlbye, 1829.
- H.C. Andersen (1805-75): Den lille Havfrue fra Eventyr fortalte for Børn, 3. hft., 1837.
- Søren Kierkegaard (1813-55): Enten - Eller, 1843.
- J.P. Jacobsen (1847-85): Fru Marie Grubbe, 1876.
- Herman Bang (1857-1912): Ved Vejen fra Stille Eksistenser, 1886.
- Henrik Pontoppidan (1857-1943): Lykke-Per, 1898-1904.
- Johannes V. Jensen (1873-1950): Kongens Fald, 1900-01.
- Karen Blixen (1885-1962): Vinter-Eventyr, 1942.
- Klaus Rifbjerg (1931-2015): Og andre historier, 1964.
- Inger Christensen (1935-2009): Sommerfugledalen, 1991.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Hieronymus Justesen Ranch's danske skuespil og fuglevise
- ↑ Hieronymus Justesen Ranch – Værker
- ↑ «Udvalgte værker online på Arkiv for Dansk Litteratur Baggesen, Søren: Forfatterportræt». Arkivert frå originalen 25. november 2010. Henta 21. januar 2013.
- ↑ ... Københavnerskolen, som især har vundet indpas i udlandet, og som skal markere den betydning, København havde som kunstcentrum med et kunstakademi, der tiltrak en række tyske kunstnere som Caspar David Friedrich (1774-1840) og Philipp Otto Runge (1777-1810). fra Om guldalderen- en introduktion Arkivert 4. november 2008 ved Wayback Machine. af Kasper Monrad.
- ↑ «Guide til dansk guldalder.». Arkivert frå originalen 27. januar 2002. Henta 3. november 2010.
- ↑ «H. C. Andersen & the 19th Century». Arkivert frå originalen 27. december 2008. Henta 3. november 2010.
- ↑ «Thomasine Christine Gyllembourg». Store norske leksikon (på norsk). 18. juni 2024.
- ↑ Delt med Karl Gjellerup.
- ↑ 9,0 9,1 "Twentieth-Century Danish Literature", Enotes.com. 23. april 2010.
- ↑ "Tove Ditlevsen" Arkivert 5. november 2011 ved Wayback Machine., Pegasos.
- ↑ Hjem | Nota
- ↑ «Dan Turèll». Arkivert frå originalen 17. april 2010. Henta 3. november 2010.
- ↑ Leif Davidsen, Litteratursiden.dk
- ↑ "Read books by Leif Davidsen", Amazon.com. Retrieved 27 April 2010.
- ↑ "Reuter, Bjarne", Forfatterweb.
- ↑ "Peter Høeg" Arkivert 10. december 2010 ved Wayback Machine., Litteraturesiden.dk.
- ↑ "Jens Christian Grøndahl" Arkivert 28. november 2010 ved Wayback Machine., Literatursiden.dk.
- ↑ Politiken 4. nov. 2009: Benny Andersen overvejede selvmord
- ↑ Dansk Kvindebiografisk Leksikon – Jane Aamund
- ↑ "Anders Bodelsen", Den store Danske
- ↑ «"Christian Kampmann"; "[[Litteratursiden.dk]]"». Arkivert frå originalen 5. december 2011. Henta 3. november 2010.
- ↑ "Svend Aage Madsen"; Litteratursiden.dk
- ↑ "Winter's Child (Modern Scandinavian Literature in Translation)", Goodreads.
- ↑ Klaus Rothstein, "The spiral of catastrophe" Arkivert 19. juli 2011 ved Wayback Machine., Danish Literary Magazine.
- ↑ "Flaskepost fra P" Arkivert 19. juli 2011 ved Wayback Machine., JP/Politikens Forlagshus.
- Denne artikkelen bygger på «Dansk litteratur» frå Wikipedia på dansk, den 16. juni 2024.