Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Dei sju høgdene i Roma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tidleg kart over Roma som viser dei sju høgdene

Dei sju høgdene i Roma aust for elva Tiber dannar hjarta av Roma. Dei sju opphavlege høgdene var Cermalus, Cispius, Fagutal, Oppius, Palatium, Sucusa og Velia. Desse er mykje nemnd i romersk mytologi, religion og politikk. Byen skal i følgje segna ha vorte grunnlagd av RomulusPalatinerhøgda (Collis Palatinus). Dei andre seks er i dag kalla Aventinerhøgda (Collis Aventinus), Kapitol (Capitolinus), Kvirinalhøgda (Quirinalis), Viminalhøgda (Viminalis), Esquilinhøgda (Esquilinus) og Celio (Caelius).

Opphavleg var dei sju høgdene okkupert av små busetnadar og ikkje gruppert i lag eller rekna som ein by kalla «Roma». Innbyggjarane på dei sju høgdene byrja å delta i ei rekkje religiøse leikar, som knytte gruppene i lag. Byen Roma vart dermed til ved at desse separate busetnadane opptredde som ei gruppe, drenerte dei myrlendte dalane og gjorde dei om til marknadar og forum

Den no kjende Vatikanhøgda ligg nordvest for Tiber og er ikkje ei av dei sju høgdene i Roma. Det same gjeld Pincio i nord og Janiculum i vest.

Fem av dei sju høgdene (Aventiner-, Esquilin-, Kvirnal- og Viminalhøgdene og Celio) har monument, bygningar og parkar.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Dei sju høgdene i Roma