Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Den indre kjernen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tverrsnitt av jorda frå kjernen til eksosfæren.

Den indre kjernen til jorda er den indre og varmaste delen av jorda. Han er om lag 1220 km i radius og berre 70 % av radiusen til månen. Ein trur at han består av ei blanding av jern og nikkel og kan ha ein temperatur liknande overflata til sola.[1]

Den indre kjernen roterer raskare enn resten av jorda, slik at han kvart år vinn ein kvart omdreiing. Dette kan vere ei av årsakene til jordmagnetismen.

Seismologen Inge Lehmann oppdaga at det fanst ein indre kjerne som skilde seg frå den faste ytre kjernen i 1936[2] ved hjelp av observasjonar frå seismiske bølgjer skapt av jordskjelv.


  1. E. R.Engdahl; E.A. Flynn; R.P. Massé (1974). «Differential PkiKP travel times and the radius of the core». Geophys. J. R. Astr. Soc. 39: 457–463. 
  2. Edmond A. Mathez, red. (2000). EARTH: INSIDE AND OUT. American Museum of Natural History.