Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Derek Dougan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Derek Dougan
Personleg informasjon
Fullt namn Alexander Derek Dougan
Fødd 20. januar 1938
Fødestad Belfast i Nord-Irland
Død 24. juni 2007 (69 år)
Dødsstad Wolverhampton
Høgd 191 cm
Posisjon Angrepsspelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1953–1957
1957–1959
1959–1961
1961–1963
1963–1965
1965–1967
1967–1973
1967
1969
1975–1977
Lisburn Distillery
Portsmouth
Blackburn
Aston Villa
Peterborough
Leicester
Wolverhampton
→Los Angeles Wolves (lån)
→Kansas City Spurs (lån)
Kettering Town
76 (17)
33 (9)
59 (26)
51 (19)
77 (38)
68 (35)
258 (95)
11 (3)
6 (4)

Totalt 639 (246)
Landslag
1958–1973 Nord-Irland 43 (8)
Trenar for
1975–1977 Kettering Town (spelar-trenar)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Alexander Derek Dougan (20. januar 193824. juni 2007) var ein nordirsk fotballspelar. Han spelte 43 landskampar for Nord-Irland og deltok i VM i fotball 1958. Dougan var senterløpar, vert særleg hugsa for sine dryge åtte år som Wolverhampton-spelar.

Dougan var ein stor og kraftig midtspiss. Han byrja spele for Distillery frå Belfast og bidrog til at klubben vann den nordirske cupen i 1956. I august 1957 vart han overført til det engelske fyrstedivisjons-laget Portsmouth FC mot 4 000 pund. Frå mars 1959 til sommaren 1961 gjorde han teneste for Blackburn Rovers, etter ein overgang som kosta £15 000. Her deltok han i FA-cupfinalen 1960. 1961-63 var han Aston Villa-spelar, ei tid han sleit med skadar. Sidan var han aktiv for tredjedivisjonslaget Peterborough United til november 1965. Mot 26 n000 pund flytta han då til Leicester City. Dougan skreiv i mars 1967 kontrakt med Wolverhampton Wanderers, i ei avtale som kosta 50 000 pund. Klubben rykkte same våren opp frå andre divisjon. Her var han så med å tape UEFA-cupfinalen 1972 og vinne ligacupfinalen 1974. Våren 1975 la Dougan opp, etter å ha skåra 279 mål i 661 liga- og cup-kampar over 18 sesongar i engelsk ligafotball.

Landslagsspel

[endre | endre wikiteksten]

Dougan fekk sin landslagsdebut under VM i fotball 1958, då Wales vann med 1-0 over Tsjekkoslovakia. Fram til februar 1973 tok han del i 43 av Nord-Irlands landskampar, skåra 8 mål.

  • Nordirsk cupmeister: 1956 med Distillery
  • Vinnar av den engelske ligacupen: 1974 med Wolverhampton
  • Finalist i FA-cupen: 1960 med Blackburn
  • Finalist i UEFA-cupen: 1972 med Wolverhampton