Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Dima Bilan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dima Bilan
Дима Билан

Fødd24. desember 1981
FødestadUst-Dzjeguta i Sovjetunionen (no Russland)
FødenamnViktor Nikolajevitsj Belan
(russisk: Виктор Николаевич Белан)
AliasDima Bilan
(russisk: Дима Билан)
OpphavSovjetunionen, Russland
Aktiv2000–
SjangerPop, R&B og soul
InstrumentVokal
PlateselskapUniversal Records, Gala Records, EMI, Misterija Zvuka, Universal Music Group
Verka somsongar-låtskrivar, songar, komponist, lyrikar, modell, skodespelar
PrisarDen gylne grammofon (Russland), Muz-TV Awards, Merited Artist of the Russian Federation, World Music Awards, ZD Awards, Russian National Music Award, Q56617922

Dima Bilan (fødd 24. desember 1981) er ein russisk songar. Han representerte Russland i Eurovision Song Contest 2006 og kom på 2. plass. I 2008 representerte han Russland igjen i Eurovision Song Contest, denne gongen kom han på 1. plass.

I 2005 freista Bilan å bli Russland sin deltakar i Eurovision Song Contest med songen Not That Simple, men lukkast ikkje. Året etter forsøkte han igjen, og vann denne gongen den russiske konkurransen med songen Never Let You Go. Under Eurovision Song Contest 2006 i Aten enda han på 2. plass.

I 2008 vann han den russiske konkurransen på nytt med songen Believe. Under Eurovision Song Contest 2008 i Serbia vann han heile showet, og sørgde for at Eurovision Song Contest 2009 vart arrangert i Moskva.

Bilan har elles gjeve ut fleire cd-ar og singlar.

  • Bokmålswikipedia om Dima Bilan, henta inn 12. desember 2010.

'