Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Disentis/Mustér

Koordinatar: 46°42′0″N 8°52′0″E / 46.70000°N 8.86667°E / 46.70000; 8.86667
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Disentis/Mustér
Disentis kloster
Disentis kloster
Disentis kloster
Kommunevåpenet til Disentis/Mustér
Kommunevåpenet til Disentis/Mustér


Plassering
Disentis/Mustér is located in
Styresmakter
Land  Sveits
Kanton Graubünden
Distrikt Surselva
Språk retoromansk, tysk
Geografi
Flatevidd
 - kommune

91,08 km²
Innbyggjarar
 - kommune (desember 2010)
   - folketettleik

2 111
  23,2 /km²
Koordinatar 46°42′0″N 8°52′0″E / 46.70000°N 8.86667°E / 46.70000; 8.86667
Høgd over havet 1130 moh.
Diverse annan informasjon
Postnummer 7180
Nettstad: www.disentis.ch

Disentis (tysk) eller Mustér (retoromansk), med det offisielle namnet Disentis/Mustér er ein kommune i distriktet Surselva i den sveitsiske kantonen Graubünden. Kommunen har 2 111 innbyggjarar (2010) og eit areal på 91 km². Kommunesenteret ligg 1130 meter over havet.

Ski- og sommerturiststaden ligg høgt i Rhinendalen ved eit av dei eldste klostera i Sveits. Klosteret daterer attende til 720.

Disentis og kyrkja med busetnaden Clavaniev og Piz Ault i bakgrunnen.

Kommunen ligg i Disentis kreis og er den største av sju kommunar i denne krinsen. Han består av landsbyen Mustér-Vitg og the nabolandsbyane Mompé-Tujetsch, Segnes, Acletta, Funs/Clavaniev, Disla, Cavardiras og Mompé-Medel. Utanom dei to Mompé-landsbyane, består alle landsbyane av spreidde busetnader.

Disentis ligg på det høgaste steget i Rhindalen, der vegane over Oberalppasset kjem frå det sentrale og vestlege Sveits og Lukmanierpasset kjem frå Ticino.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]