Diss i England
Diss | ||
---|---|---|
Marknadsplassen | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Norfolk | |
Distrikt | South Norfolk | |
Geografi | ||
Flatevidd - By |
5,32 km² | |
Innbyggjarar - By (2001) - folketettleik |
6 742 1 267,3 /km² | |
Koordinatar | 52°23′N 1°6′E / 52.383°N 1.100°E | |
Diverse annan informasjon | ||
Telefon-retningsnummer | 0 1379 | |
Diss er ein by i Norfolk i England. Han ligg i dalen Waveney renn gjennom, ved ein innsjø. Namnet kjem anten frå det saksiske ordet for innsjø, eller frå norrønt for «landsbyen til den dansande hesten».
Byen har ei rekkje historiske bygningar, mellom dei ein soknekyrkje frå 1300-talet. Rett ovanfor denne står Dolphin House frå 1500-talet. Han har store bjelkar av eik som viser at det var ein høgstatusbygningen, og ein meiner han opphavleg kan ha høyrt til ein ullhandlar. Fram til 1960-åra var det ein pub der; bygningen husar no fleire små firma. Byen har òg eit museum.
Diss stasjon tener Great Eastern Main Line mellom London og Norwich.
I mars 2006 vart Diss den tredje byen i Storbritannia som slutta seg til Cittaslow, ein internasjonal organisasjon som fremjar konseptet «treige byar».
Lokalavisen Diss Express vart grunnlagt i 1864.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Diss (Norfolk)» frå Wikipedia på bokmål, den 17. juli 2011.