Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Donald Sutherland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Donald Sutherland

Fødd17. juli 1935
FødestadSaint John
Død20. juni 2024 (88 år)
DødsstadMiami
FødenamnDonald McNichol Sutherland
Aktive år1957–2024
Verka somfilmskodespelar, stemmeskodespelar, talsperson, filmprodusent, karakterskodespelar, teaterskodespelar, fredsaktivist, fjernsynsskodespelar, manusforfattar, skodespelar
MorDorothy Isobel McNichol
FarFrederick McLea Sutherland
EktefelleLois Hardwick, Shirley Douglas, Francine Racette
BornKiefer Sutherland, Rossif Sutherland, Angus Sutherland, Rachel Sutherland, Regg Sutherland
PrisarCompanion of the Order of Canada, Romy, Teen Choice Award for Best Villain, kommandør av Ordre des Arts et des Lettres, Æres-Oscar, Canada’s Walk of Fame, Governor General’s Performing Arts Award, Primetime Emmy Award for Outstanding Supporting Actor in a Miniseries or a Movie, stjerne på Hollywood Walk of Fame, offiser av Order of Canada, Dronning Elisabeth IIs gulljubileumsmedalje, Queen Elizabeth II Diamond Jubilee Medal, Golden Globe Award for Best Supporting Actor – Series, Miniseries or Television Film, Order of Canada, Ordre des Arts et des Lettres, Primetime Emmy Award, Golden Globe

Donald McNicol Sutherland (17. juli 193520. juni 2024) var ein nordamerikansk skodespelar fødd i Canada. Sutherland hadde ein karriere på over 50 år. Han er kjend frå filmar som The Dirty Dozen, (1967) M*A*S*H og Kelly's Heroes (1970) og Invasion of the Body Snatchers (1978). Han har også spelt i britiske og USA-amerikanske fjernsynsseriar.

Sutherland vart fødd i Saint John i New Brunswick og voks opp i Bridgewater i Nova Scotia. Han studerte ved Victoria College ved Universitetet i Toronto, der han tok mastergrad i drama og ingeniørfag, før han drog til England for å studera ved London Academy of Music and Dramatic Art (LAMDA).

Han var far til skodespelaren Kiefer Sutherland.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Pulver, Andrew (20. juni 2024). «Donald Sutherland, Don’t Look Now and Hunger Games actor, dies aged 88». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. 
Spire Denne filmartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.