Drammensgranitt
Utsjånad
Drammensgranitt er ein raudleg granitt frå Oslofeltet. Ei rekkje mindre malmførekomstar er knytt til bergarten; jarn, bly, sink, kopar og vismut i kontaktsonen omkring, og molybden på kvartsgangar i sjølve granitten. Bergarten har einskilde stader druserom som fører ein del sjeldne mineral.
Det er òg funne vene krystall av beryll (akvamarin), fenakitt og topas i bergarten.
Drammensgranitt nyttast som bygningsstein. Det første større bygget som fekk fasadar av drammensgranitt i Noreg var Regjeringsbygningen, som stod ferdig i 1906.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Drammensgranitt. (24. februar 2012). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/drammensgranitt.