Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Dunstable Downs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dunstable Downs
fjell
Land  England
Fjellkjede Chiltern Hills
Primærfaktor 105 m
Høgaste punkt 243 moh.
Kart
Dunstable Downs
51°51′51″N 0°32′11″W / 51.8642°N 0.536344°W / 51.8642; -0.536344
Wikimedia Commons: Dunstable Downs

Dunstable Downs er ein del av Chiltern Hills, sør i Bedfordshire i England. Dei er ein kalksteinsrygg som dannar dei nordaustlege områda av Chilterns. Med ei høgd på 243 moh. er Dunstable Downs det høgaste punktet i Bedfordshire.[1]

På grunn av høgda stod det ein stasjon for telegraflinja mellom London og hamna i Great Yarmouth på Dunstable Downs frå 1808 til 1814.[2]

Åsane vert nytta av gildefly, hangglidarar og paraglidarar på grunn av høgda i høvet til landskapet kring.

Det meste av åsane er styrt av National Trust som ein del av Dunstable Downs, Countryside Centre & Whipsnade Estate.

Dunstable Downs

Åsane har eit variert dyreliv og mange sjeldne villblomar, som flugeblome, og forskjellige sommarfuglartar. Vestsida av åsane har status som Site of Special Scientific Interest (SSSI) kalla Dunstable and Whipsnade Downs.

  1. «Geographical Facts, Figures and Statistics about Bedfordshire». Bedfordshire Libraries. Arkivert frå originalen 11 July 2007. Henta 23 February 2008. 
  2. «Shutter telegraph signalled new era». Great Yarmouth Mercury. Henta 25. desember 2010. [daud lenkje]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]