Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Duved

Koordinatar: 63°23′39.440″N 12°55′48.799″E / 63.39428889°N 12.93022194°E / 63.39428889; 12.93022194
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

63°23′39.440″N 12°55′48.799″E / 63.39428889°N 12.93022194°E / 63.39428889; 12.93022194

Duved

Duved er ein tettstad i Åre kommun i Jämtlands län i landskapet Jämtland i Sverige. I 2005 hadde tettstaden 637 innbyggjarar.

Duved er eit vintersportsområde og inngår i Åres skisystem.

Det går skibusser til Åre sentrum fleire gonger dagleg i skisesongen. Om kvelden går det òg busser til Åre, mellom anna i samband med kveldsskikjøring. Ein kjend person frå Duved er Julia Messelt, som har leia TV-programma Myror i brallan og Packat & klart.

Duved har bl.a. ein skule og ei kyrkje. Dei to største områda med permanent bosetning heter Kvarnbacken og Kyrklägdan.

Duveds skanse blei bygd i 1658 og rive i 1808.

Skiområdet

[endre | endre wikiteksten]

Duveds og Tegefjälls heissystem er samanfletta og utgjer ein del av Åres skiområde.