Dvergspett
Dvergspett | |
Dvergspett | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Livskraftig[1] Utbreiinga av Dvergspett | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Spettefuglar Piciformes |
Familie: | Spettefamilien Picidae |
Slekt: | Dryobates |
Art: | Dvergspett D. minor |
Vitskapleg namn | |
Dryobates minor |
Dvergspett (Dendrocopos minor) er ein liten fugl i spettefamilien som lever i den palearktiske regionen.[2] Der finst fleire underartar av dvergspetten. I Noreg var han lista på norsk raudliste 2006 i kategorien sårbar (VU), men frå 2010 vart han rekna som ikkje truga.[1]
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Dvergspetten kan vera vanskeleg å få auge på, grunna den føretrekte tilhaldsstaden hans i tretoppane, og storleiken på fuglen (om lag 16 cm). Han er merkbart mindre enn andre svart-kvit spettar i Noreg. I fjørdrakta skil han seg frå kvitryggspetten ved at den kvite bakryggen er tverrstripete i svart, og at undersida er kvit med bruntonar. Hannen har raud isse, mens hoa har svart. Nebbet og føtene er grå-svarte.
Åtferd
[endre | endre wikiteksten]Habitatet til dvergspetten liknar flaggspettens, og han har den same nesten treangulære bolleaktige forma når han flyg frå tre til tre. Han er vanleg i lauv- og blandingsskog i heile landet, utanom på Vestlandet, der han er sjeldan. Lokketona hans er eit «kikk» som er lågare enn dei større spettane, men likevel høgt til å vera frå ein såpass liten fugl. Når dvergspetten blir opphissa kan han gi frå seg fleire «kirekk», som liknar ropa til flaggspetten og kvitryggspetten. I forplantingstida, og av og til om hausten, kan han gi frå seg eit vendehalsliknande «ki-ki-ki-ki». Med trening kan ein skilja den vibrerande klangen i songen hans frå dei større spettane. Han bruker òg tørre greiner til å tromma på.
Dvergspetten jaktar på same måte som flaggspetten, ved å hakka laus ròten bork og treverk for å komma fram til insektslarvar, som er hovuddietten hans gjennom vinteren. Om sommaren fôrar han kjuklingane sine med insekt/insektslarvar og edderkoppar. Om nettene søv dvergspettane i hòl i trea.
Sponrester kan vera ein indikasjon på reirplass, for dvergspetten er ikkje så nøye på å fjerna flis og spon når han lager hòl i trea. Hòla er forholdsvis høgt over bakken, opptil 10-13 m., og blir som regel hakka ut i lauvtre, ofte bjørk. Diameteren på hòla er om lag 3-4 cm, og i mai-juni legg hoa 4-6 kvite egg på eit underlag av laushakka flis. Etter at begge foreldra har delt på å ruga på egga klekker etter om lag 11 dagar, og held seg i reiret i 18-21 dagar til før dei flyg ut.
Dvergspetten er ein stand- og streiffugl.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Hafton, Svein: Våre fugler (1993). NKS-forlaget. ISBN 82-508-0934-3
- Referansar
- ↑ 1,0 1,1 Stokke BG, Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R og Strøm H (24. november 2021). «Fugler: Vurdering av dvergspett Dryobates minor for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 13. mars 2022.
- ↑ «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 13. mars 2022. Henta 13. mars 2022.