Dyst
Dyst er ei tevling mellom riddarar med lanse og hest.
Dyst i mellomalderen
[endre | endre wikiteksten]Dyst var ei av mange former for idrett knytt til kamp i mellomalderen. Dyst i mellomalderen var ein farleg idrett, og det hende at utøvarar døydde. Til dømes døydde Henrik den andre av Frankrike då motstandaren si lanse splintra i visiret på hjelmen hans. Kongen vart blind og døydde av skadane. Dyst var eit seint tilskot til riddarturneringer.
Moderne dyst
[endre | endre wikiteksten]Moderne dyst er ein ung sport som ikkje har standariserte reglar. Tryggleiksreglane kan variere, og utøvarane må sette seg inn i dei ved kvar tevling. Ved nokre høve rir ryttarane fullkontakt mot kvarandre. Tuppen på lansa kan vere laga av balsatre for at han skal knekke, så ingen skal kome til skade. Knekt tupp på lansa markerer treff. Ved tevlingar i dyst i våre dagar, er det vanlegvis ikkje meininga å slå motstandaren av hesten.
Anna
[endre | endre wikiteksten]Dyst har sett spor etter seg i språket; til dømes er klar til dyst eit ikkje uvanleg uttrykk.