Ecce Cor Meum
Ecce Cor Meum Studioalbum av Paul McCartney | ||
Språk | engelsk, latin | |
Utgjeve | 25. september 2006 | |
Innspelt | 13–17. mars 2006 | |
Studio | Abbey Road Studios | |
Sjanger | Klassisk musikk, opera | |
Lengd | 56:50 | |
Selskap | EMI Classics | |
Produsent | John Fraser | |
Paul McCartney-kronologi | ||
---|---|---|
Never Stop Doing What You Love (2005) |
Ecce Cor Meum | Memory Almost Full (2007) |
Paul McCartney sin klassisk album-kronologi | ||
Working Classical | Ecce Cor Meum | Ocean's Kingdom
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Encyclopedia of Popular Music | [2] |
The Rolling Stone Album Guide | [3] |
Ecce Cor Meum er det fjerde klassisk albumet til Paul McCartney. Albumet kom ut 25. september 2006 på EMI Classics. Det er eit oratorium i fire satsar, produsert av John Fraser, og skriven på latinsk og engelsk. Musikken vert framført av orkester med gute- og vaksenkor. Oratoriet var delvis inspirert av den avdøde kona til McCartney, Linda.[4]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Det tok meir enn åtte år å lage Ecce Cor Meum, som vart skrive på bestilling for Magdalen College i Oxford. Sir Paul vart invitert av Anthony Smith (president på Magdalen College 1998–2005) til å komponere noko for ein ny konserthall ved skulen.
Komposisjonen vart forseinka då kona til McCartney døydde,[5] og kunne ikkje nyttast til den planlagde opninga av konserthallen. Men prosjektet vart ikkje skrinlagt og vart omsider ferdig og framført i Sheldonian Theatre i Oxford i november 2001. Mellomspelet er ein elergi til Linda McCartney.[5]
Opphavleg vart det presentert i 2001 med eit fullt kor frå Magdalen College, dirigert av Bill Ives i Sheldonian Theatre i Oxford.
Ecce Cor Meum vart produsert av John Fraser og innspelt i Abbey Road Studios mellom 13. og 17. mars 2006.[6] Det vart framført av sopranen Kate Royal, gutar frå Magdalen College Choir, gutar frå Choir of King's College, Cambridge, London Voices og Academy of St Martin in the Fields, dirigert av Gavin Greenaway.
Komposisjonen hadde amerikansk premiere den 14. november 2006 for ein utseld Carnegie Hall i New York City.
Den 3. mai 2007 fekk Paul McCartney-prisen for beste album ved Classical Brits i Royal Albert Hall. Prisen vart stemt fram av lesarane av Classic FM og lyttarar på Classic FM. Albumet nådde andreplassen på Top Classical Albums-lista i USA.[4]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Komponert og skrive av Paul McCartney.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «I. Spiritus » | 12:00 |
2. | «II. Gratia » | 10:50 |
3. | «Interlude (Lament) » | 3:56 |
4. | «III. Musica » | 15:14 |
5. | «IV. Ecce Cor Meum » | 14:50 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ecce Cor Meum» frå Wikipedia på engelsk, den 26. mai 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ AllMusic review
- ↑ Larkin, Colin (2006). The Encyclopedia of Popular Music (4th edn). New York, NY: Oxford University Press. s. 1257. ISBN 0-19-531373-9.
- ↑ «Paul McCartney: Album Guide». rollingstone.com. Arkivert frå originalen 4. juli 2014. Henta 22. mai 2018.
- ↑ 4,0 4,1 PM Wins Best Album At Classical Brit Awards, paulmccartney.com, arkivert frå originalen 10. desember 2011
- ↑ 5,0 5,1 Kevin Sullivan og Mary Jordan (7. november 2006). «A Hymn to Yesterday: Paul McCartney Premieres His Choral Work, an Elegy for Linda». The Washington Post. Henta 30. august 2017.
- ↑ Paul McCartney's Ecce Cor Meum, EMI Classsics, arkivert frå originalen 26. desember 2010
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Bilete få premieren i Carnegie Hall i USA Arkivert 2018-10-02 ved Wayback Machine.