Eden Alene
Eden Alene | |||
| |||
Fødd | 7. mai 2000 (24 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Jerusalem | ||
Fødenamn | hebraisk עדן אלנה | ||
Opphav | Israel | ||
Aktiv | 2017, 2022– | ||
Sjanger | soul, pop, rhythm and blues | ||
Stemmetype | sopran | ||
Plateselskap | Aroma Music | ||
Verka som | songar |
Eden Alene (fødd 7. mai 2000) er ein israelsk songar. Ho skulle ha representert Israel i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland, med songen «Feker Libi», men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[1][2] I staden vedtok kringkastaren Kan at Alene skulle få representere Israel i tevlinga i 2021. Ho deltok med songen «Set Me Free» og enda på 17. plass i finalen.[3]
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Alene vart fødd i det jødiske nabolaget Katamon i Jerusalem av jødiske etiopisk-fødde foreldre som innvandra til Israel under den jødiske masseinnvandringa frå Etiopia.[4] Foreldra skilde seg då ho var to år, og ho har ikkje hatt kontakt med faren sidan.[5]
I slutten av 2017 deltok Alene i The X Factor Israel, som ho vann 30. januar 2018.[6]
I april 2018 opptredde ho under feiringa av 70-årsjubileet for etableringa av Staten Israel.[7] I desember same år slapp ho debutsingelen «Better».[8]
I februar 2019, føre Eurovision Song Contest i Israel, slapp Alene ein coverversjon av «Save Your Kisses for Me» av gruppa Brotherhood of Man, som vann Eurovision Song Contest 1976.[9] Månaden etter gav ho ut oppfølgjarsingelen «When It Comes to You» som var produsert av den amerikanske musikkprodusenten Julian Bunetta.[10] Same år deltok ho i ei israelsk oppsetning av Little Shop of Horrors.
I slutten av 2019 var Alene ei av deltakarane i det israelske talenttevlinga HaKokhav HaBa («den neste stjerna»), og ho vann tevlinga 4. februar 2020. Som vinnar fekk ho representere Israel i Eurovision Song Contest 2020 som skulle ha vore arrangert i Rotterdam i Nederland.[1] Under ei eiga sending på Kan 11 tysdag 3. mars same år, vedtok israelske tv-sjåarar og ein fagjury at Alene skulle representere Israel med låten «Feker Libi».[11] Men på grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 såg EBU seg nøydd til å avlysa Eurovision Song Contest for å hindra spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen COVID-19.[12] Alene skulle ha delteke i den fyrste semfinalen av Eurovision Song Contest tysdag 12. mai.
22. mars 2020 offentleggjorde det israelske offentlege kringkastingsselskap at Alene i staden skulle representere Israel i Eurovision Song Contest 2021.[13] Alene deltok med låten «Set Me Free» og kvalifiserte seg til finalen frå den fyrste semifinalen tysdag 18. mai.[14] Til slutt enda ho som nummer 17 av 26 i finalen.[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «Israel chooses Eden Alene for Eurovision 2020». Eurovision.tv. 4. februar 2020. Henta 4. februar 2020.
- ↑ Granger, Anthony (20. mars 2020). «Belgium: Hooverphonic Will Compete At Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 20. mars 2020.
- ↑ 3,0 3,1 «Eden Alene - Israel - Rotterdam 2021» (på engelsk). Henta 5. september 2021.
- ↑ «Eden Alene». 4. februar 2020.
- ↑ הכירו את עדן אלנה - mako, henta 5. februar 2020
- ↑ Tzur, Ben (18. oktober 2017). «עדן אלנה הזמרת הצעירה שכבשה את X פקטור». Henta 4. februar 2020.
- ↑ «החדשות - ישראל חוגגת את יום העצמאות ה-71». 8. mai 2019. Henta 5. februar 2020.
- ↑ «עדן אלנה חוזרת עם סינגל הבכורה "Better", שנה אחרי הניצחון». 10. desember 2018. Henta 5. februar 2020.
- ↑ «דוז פואה: עדן אלנה בביצוע מחודש לשיר אירוויזיוני». 25. februar 2019. Henta 5. februar 2020.
- ↑ «איפה אקס פקטור? עדן אלנה מנסה לפרוץ עם מפיק-על בינלאומי ומפספסת». Henta 5. februar 2020.
- ↑ «Israel’s Eden Alene will sing 'Feker Libi' in Rotterdam». eurovision.tv. 3. mars 2020. Henta 3. mars 2020.
- ↑ Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020.
- ↑ «Eden Alene will remain Israel’s representative in 2021 Eurovision» (på engelsk). Henta 22. mars 2020.
- ↑ «First Semi-Final 2021: The Qualifiers» (på engelsk). 18. mai 2021. Henta 21. mai 2021.
- Denne artikkelen bygger på «Eden Alene» frå Wikipedia på bokmål, den 9. november 2021.