Ein Bokek
Utsjånad
Ein Bokek | |||
landsby | |||
Metzad Bokek oppom hotellområdet og Daudehavet
| |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Sør distrikt | ||
Kommune | Tamar regionale kommune | ||
Koordinatar | 31°12′N 35°21.75′E / 31.200°N 35.36250°E | ||
Ein Bokek 31°12′00″N 35°21′50″E / 31.2°N 35.363888888889°E | |||
Kart som viser Ein Bokek.
| |||
Wikimedia Commons: Ein Bokek |
Ein Bokek (hebraisk skrift עין בוקק) er eit hotell- og ferieområde på den israelske sida av Daudehavet, nær Neve Zohar. Han høyrer til Tamar regionale kommune.
Ved Ein Bokek ligg ruinane av Metzad Bokek, ei lita romersk festning som vakta over hovudvegen her, og ruinane av ein gammal, delvis rekonstruert parfyme- og medisinfabrikk. Bokek-elva, som området er kalla opp etter, renn gjennom ei kløft i området.[1]
Zohar varmekjelder (hebraisk חמי זוהר, Hamei Zohar) ligg tre kilometer sør for Ein Bokek. Vatnet der er rikt på svovel og skal vere lækjande for muskelsmerter, leddsmerter og allergiar.[1]
Den lågastliggande minibanken i verda ligg i Ein Bokek, 421 meter under havnivå.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ein Bokek» frå Wikipedia på engelsk, den 29. september 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 http://www.einbokek.com/deadsea.htm
- ↑ «ים המוות מתעורר לחיים; נרשמה עלייה של 8% בלינות באיזור בשנת 2006 - צרכנות». TheMarker. Arkivert frå originalen 18. november 2009. Henta 25. august 2014.