Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Eittkammersystem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
██ Nasjonar med tokammersystem.██ Nasjonar med eittkammersystem.██ Inkje parlament.

Eittkammersystem er ei ordning der ei nasjonalforsamling formelt opptrer som ei einstaka forsamling ved alle viktige avgjersler.

Systemet vert brukt i stadig fleire einskapsstatar. Danmark har hatt eittkammersystem sidan nedlegginga av Landstinget i 1953, medan Sverige fyrst fekk eit eittkammersystem i 1971. Føderalstatar, som t.d. Tyskland og USA, har som regel tokammersystem.

«ettkammersystem» i Store norske leksikon, snl.no.