Emmer
Emmerkveite | |
Emmerkveite | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Grasordenen Poales |
Familie: | Grasfamilien Poaceae |
Underfamilie: | Pooideae |
Stamme: | Triticeae |
Slekt: | Kveiteslekta Triticum |
Art: | Emmerkveite T. dicoccum |
Vitskapleg namn | |
Triticum dicoccum |
Emmer (Triticum dicoccum), òg kjent som farro spesielt i Italia, er ein kveitesort med lita avling, agna kveite. Emmer var ein av dei første artane som vart domestifisert i det nære Austen. Han var mykje dyrka i antikken, men er no berre dyrka i liten grad i fjellområda i Europa og Asia.
Villemmer
[endre | endre wikiteksten]Villemmer (Triticum dicoccoides) veks vilt i den fruktbare halvmånen i det nære Austen. Den er ein tetraploid kveitesort danna ved hybridisering av to ville diploide grasartar. Det eine er Triticum urartu som er i slekt med villeinkorn (T. boeoticum)), og den andre er ein hittil uindentifisert Aegilops-art som er i slekt med A. searsii eller A. speltoides.
Morfologi
[endre | endre wikiteksten]Som einkorn og spelt, er emmer ein skalkveite. Med andre ord, den har eit sterk skal (hams) som omgir kornkjernen, og eit halvsprøtt rachis. Ved tresking vil akset bli brote ned i enkeltkorn. Dette krev knusing eller slåing for å frigjere kornkjernen frå hamsen.
Villemmer sår seg sjølv ved at agna mekanisk skrur kornet ned i jorda. Om natta, når fuktigheita aukar, vil agna bli stiv og trekke seg saman, og i den prosessen vil det presse kornet ned i jorda. Om dagen avtar fuktigheita, og agna blir slakkare. Men fine silikahår på agnene verkar som krokar i jorda og hindrar kornet frå å gå attande. Ved hjelp av den skiftande luftfuktigheita mellom dag og natt vil pumperørslene i agna, som liknar på eit svømmande froskespark, bore kornet med agna ned eit par centimeter i jorda.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Daniel Zohary, Maria Hopf (2000). Domestication of plants in the Old World. Oxford: Oxford University Press. ISBN 0-19-850356-3.
- Hulled Wheats. Promoting the conservation and use of underutilized and neglected crops. 4. Proceedings of the First International Workshop on Hulled Wheats 21-22 July 1995, Castelvecchio Pascoli, Tuscany, Italy[invalid link]
- Zohary, Michael (1982). Plants of the Bible. Cambridge: Cambridge University Press. ISBN 0-521-24926-0. Up-to-date reference to cereals in the Biblical world.
- Wheat evolution: integrating archaeological and biological evidence Arkivert 2006-03-05 ved Wayback Machine.
- Alternative Wheat Cereals as Food Grains: Einkorn, Emmer, Spelt, Kamut, and Triticale
- [1][daud lenkje] The structure of wild and domesticated emmer wheat populations, gene flow between them, and the site of emmer domestication
Thorkild Jacobsen; Robert M. Adams (1958), Salt and Silt in Ancient Mesopotamian Agriculture, Science 128: 3334
- Oldest domesticated wheat found at Abu Hureyra. BBC.co.uk
- Jacomet, S. 2006. Plant economy of the northern alpine lake dwellings - 3500-2400 cal. BC. Environmental Archaeology 11(1): 65-85
- Fotnotar
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (en) emmerkveite i Global Biodiversity Information Facility
- (en) emmerkveite hos ITIS
- (en) emmerkveite hos NCBI
- (en) emmerkveite hos The International Plant Names Index
- (en) emmerkveite hos Tropicos
- (en) Kategori:Triticum turgidum subsp. dicoccum – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Triticum dicoccum – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons