Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Eremittar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eremittar
Sagnebberemitt, Ramphodon naevius Foto: Paulo Roberto .F
Sagnebberemitt, Ramphodon naevius
Foto: Paulo Roberto .F
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Seglarfuglar Apodiformes
Familie: Kolibriar Trochilidae
Underfamilie: Eremittar Phaethornithinae
Jardine, 1833

Eremittar er tropiske og subtropiske kolibriar i underfamilien Phaethornithinae, med 30-40 artar i seks slekter. Dei har utbreiing frå det sørlege Mexico, gjennom Sentral-Amerika til Sør-Amerika så langt sør som nordlege Argentina.

Typisk er fjørdrakta åt eremittar dominert av fargene grøn, brun, raudbrun eller grå. Dei fleste eremittar viser litt iriserande grønt eller bronse på oversida, men dette er langt mindre iaugefallande enn hos mange andre kolibriar. Fuglar av dei to kjønna er gjennomgåande like, ulikskapar kan vere avgrensa til forma på nebb og hale og / eller styrkje av farger / mønstre. Ingen artar av eremittar viser den sterke kjønnsdimorfismen som vanlegvis er knytt til kolibriar.

Eremittar i slekta Phaethornis, har langt nedbendt nebb, unntaka er tre artar, P. koepkeae, P. philippii og P. bourcieri, som alle har nesten rettpeikande nebb. Phaethornis har dessutan raud eller gul base til nedre nebbrot, og dei to sentrale halefjørene er langstrakte og tippet med kvitt, brungult eller oker farge. Oversida av hovudet er flatt, og dei har ofte to lyse ansiktstriper på ei mørkare maske.

Habitatet til dei fleste eremittar er avgrensa til skogkant og underskogen, skog i gjenvekst, men somme artar som t.d. planaltoeremitt førekjem i meir opne habitat.

Hos mange eremittartar dannar fuglane paringsarenaer og samlast på tradisjonelle speleplassar, der hofuglane kjem for å velje ein make. Hannfuglar av eremittar er generelt mindre aggressive enn andre hannkolibriar, jamvel om begge kjønn vil forsvare territorium for næringsfangst.

Dei fleste eremittar er knytt til blomar av Heliconia-plantar, men vil nytte andre nektarkjelder som blomar av Centropogon, Passiflora, Costus og andre. I mindre grad, vil dei òg fange små leddyr. Det lange nedkurva nebbet som er typisk for denne gruppa av kolibriar er ei tilpassing til visse blomar. Dette er utvikla til det ekstreme hos dei to sigderemittartana i slekta Eutoxeres, grønsigderemitt og rusthalesigderemitt. Mange artar, inkludert rustbrysteremitt, nyttar òg Heliconia-plantar til hekkeplass, dei fester det koniske reiret til undersida av eit blad på planten.

Liste over biologiske slekter med eremittartar i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V13.1, 2023, [1] med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler.[2] Utval av slekter, samt IUCN raudlistekategori er etter HBW and BirdLife Taxonomic Checklist.[3]


Slekt Eutoxeres

Slekt Ramphodon

  • Sagnebberemitt, Ramphodon naevius, Saw-billed hermit, (Dumont, 1818), (LC)

Slekt Glaucis

  • Bahiaeremitt, Glaucis dohrnii, Hook-billed hermit, (Bourcier & Mulsant, 1852), (VU)
  • Bronseeremitt, Glaucis aeneus, Bronzy hermit, Lawrence, 1868, (LC)
  • Rustbrysteremitt, Glaucis hirsutus, Rufous-breasted hermit, (Gmelin, JF, 1788), (LC)

Slekt Threnetes

  • Bandhaleeremitt, Threnetes ruckeri, Band-tailed barbthroat, (Bourcier, 1847), (LC)
  • Skjeggstubberemitt, Threnetes leucurus, Pale-tailed barbthroat, (Linnaeus, 1766), (LC)
  • Soteremitt, Threnetes niger, Sooty barbthroat, (Linnaeus, 1758), (LC)

Slekt Anopetia

  • Caatingaeremitt, Anopetia gounellei, Broad-tipped hermit, (Boucard, 1891), (LC)

Slekt Phaethornis

  • Smusseremitt, Phaethornis squalidus, Dusky-throated hermit, (Temminck, 1822), (LC)
  • Strekstrupeeremitt, Phaethornis rupurumii, Streak-throated hermit, Boucard, 1892, (LC)
  • Småeremitt, Phaethornis longuemareus, Little hermit, (Lesson, RP, 1832), (LC)
  • Tapajóseremitt, Phaethornis aethopygus, Tapajos hermit, Zimmer, JT, 1950, (VU)
  • Dvergeremitt, Phaethornis idaliae, Minute hermit, (Bourcier & Mulsant, 1856), (LC)
  • Kanelstrupeeremitt, Phaethornis nattereri, Cinnamon-throated hermit, Berlepsch, 1887, (LC)
  • Mørkstrupeeremitt, Phaethornis atrimentalis, Black-throated hermit, Lawrence, 1858, (LC)
  • Stripestrupeeremitt, Phaethornis striigularis, Stripe-throated hermit, Gould, 1854, (LC)
  • Gråstrupeeremitt, Phaethornis griseogularis, Grey-chinned hermit, Gould, 1851, (LC)
  • Rusteremitt, Phaethornis ruber, Reddish hermit, (Linnaeus, 1758), (LC)
  • Aymaraeremitt, Phaethornis stuarti, White-browed hermit, Hartert, EJO, 1897, (LC)
  • Okerbukeremitt, Phaethornis subochraceus, Buff-bellied hermit, Todd, 1915, (LC)
  • Sotkroneeremitt, Phaethornis augusti, Sooty-capped hermit, (Bourcier, 1847), (LC)
  • Planaltoeremitt, Phaethornis pretrei, Planalto hermit, (Lesson, RP & Delattre, 1839), (LC)
  • Skjelstrupeeremitt, Phaethornis eurynome, Scale-throated hermit, (Lesson, RP, 1832), (LC)
  • Lysbukeremitt, Phaethornis anthophilus, Pale-bellied hermit, (Bourcier, 1843), (LC)
  • Kvitskjeggeremitt, Phaethornis hispidus, White-bearded hermit, (Gould, 1846), (LC)
  • Kårdeeremitt, Phaethornis yaruqui, White-whiskered hermit, (Bourcier, 1851), (LC)
  • Grøneremitt, Phaethornis guy, Green hermit, (Lesson, RP, 1833), (LC)
  • Sjaketteremitt, Phaethornis syrmatophorus, Tawny-bellied hermit, Gould, 1852, (LC)
  • Inkaeremitt, Phaethornis koepckeae, Koepcke's hermit, Weske & Terborgh, 1977, (NT)
  • Nåleremitt, Phaethornis philippii, Needle-billed hermit, (Bourcier, 1847), (LC)
  • Floretteremitt, Phaethornis bourcieri, Straight-billed hermit, (Lesson, RP, 1832), (LC)
  • Mexicoeremitt, Phaethornis mexicanus, Mexican hermit, Hartert, EJO, 1897, (LC)
  • Langnebberemitt, Phaethornis longirostris, Long-billed hermit, (Delattre, 1843), (LC)
  • Stjerteremitt, Phaethornis superciliosus, Long-tailed hermit, (Linnaeus, 1766), (LC)
  • Stornebberemitt, Phaethornis malaris, Great-billed hermit, (Nordmann, 1835), (LC)
Referansar
  1. Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (January 2023). «Hummingbirds». IOC World Bird List Version 13.1. International Ornithologists' Union. Henta 15. april 2023. 
  2. Norsk navnekomité for fugl (NNKF). «Norske navn på verdens fugler». Birdlife Norge. Henta 15. april 2023. 
  3. «HBW and BirdLife Taxonomic Checklist». BirdLife Data Zone (version 7 utg.). BirdLife International. Desember 2022. Henta 15. april 2023.