Erviksanden
Utsjånad
Erviksanden er ei sandstrand i Ervik. Den er ca 1 km lang. Her kjem store bølger inn som gjer dette til ein attraktiv stad for surfarar, men på grunn av ein del understraum er det ikkje alltid so trygt å surfe der. Det ligg også store menger vrakrestar etter lasteskipet MS «Emsland» som vart bomba i 1944. Dette ligg omtrent midt på stranda eit stykke ut i. Ein kan ikkje sjå det når det er flo. Skarpe gjenstandar stikk opp under havoverflata og kan vere livstruande. Vêret og bølgene skiftar fort. Stranda i Hoddevik er meir egna for surfing.