Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Erwin Schulhoff

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Erwin Schulhoff
Ervín Šulhov

Fødd8. juni 1894
FødestadPraha
Død18. august 1942 (48 år)
DødsstadWülzburg
OpphavTsjekkoslovakia, Austerrike
Sjangeropera, klassisk musikk, Mikrotonalitet, jazz
Instrumentpiano
Verka somkomponist, pianist, koreograf, dirigent
BornPetr Schulhoff

Erwin Schulhoff (8. juni 189418. august 1942) var ein tsjekkisk komponist og pianist.

Schulhoff var fødd i Praha i ein tysk jødisk familie. Pianisten og komponisten Julius Schulhoff var ein grandonkel. Antonín Dvořák oppmuntra Schulhoff til å studera musikk, og han blei elev ved Konservatoriet i Praha som tiåring.[1]

I byrjinga var han inspireret av Claude Debussy, Richard Strauss og Alexander Scriabin. Seinare slo han over i ein neoklassisk stil med element frå jazz og samtidige danserytmar.

Han skreiv seks symfoniar i svært blanda stil, to operaer, to ballettar, ein klaverkonsert, to strykekvartettar og eit jazz-oratorium.[2] Han etterlèt seg to ufullende symfoniar.

Schulhoff døydde i Holocaust. Han skal ha døydd av tuberkulose i den tyske konsentrasjonsleiren Wülzburg i Bayern i 1942.[2]

Selected works

[endre | endre wikiteksten]
  • 5 Etudes de jazz for piano (c.1910–1920)
  • Violin Sonata No. 1, Op.7 (1913)
  • Piano Concerto No. 1, Op.11 (1913)
  • Divertimento for strykekvartett (1914)
  • Cellosonate (1914)
  • Strykekvartett No. 0, Op.25 (1918)
  • Sonata Erotica for solo kvinnerøyst (1919)[3]
  • Fünf Pittoresken for piano (1919)
  • Symphonia Germanica (1919)[3]
  • Suite for kammerorkester (1921), opphavleg kalla In the New Style, seks dansar
  • Ogelala, ballett (1922)
  • Die Wolkenpumpe (1922), songar for bariton, fire treblåsarar og perkusjon[3]
  • Bassnachtigall for kontrabassun (1922)[3]
  • Pianokonsert "alla Jazz" (1923)
  • Fem stykke for strykekvartett (Fünf Stücke für Streichquartett) (1923)
  • Strykesekstett (1920–24)
  • Strykekvartett No. 1 (1924)
  • Pianosonate No. 1 (1924)
  • Strykekvartett No. 2 (1925)
  • Concertino for fløyte, fiola og kontrabass (1925)
  • Symfoni No. 1 (1925)
  • Pianosonate No. 2 (1926)
  • Pianosonate No. 3 (1927)
  • Violinsonate No. 2 (1927)
  • Sonate for fløyte og piano (1927)
  • Dobbelkonsert for fløyte, piano og orkester (1927)
  • 6 Esquisses de jazz for piano (1927)
  • Konsert for strykekvartett og treblåsarorkester (1930)[4]
  • Flammen, opera (1927–29)
  • Hot Sonate for altsaksofon og piano (1930)
  • Suite dansante en jazz for piano (1931)
  • Symfoni No. 2 (1932)[5]
  • Das kommunistische Manifest, oratorium (1932)[3]
  • Orinoco (1934), foxtrot[3]
  • Symphony No. 3 (1935)
  • HMS Royal Oak (1935), jazzoratorium for forteljar, sopran, tenor, blanda kor og syfhonisk jazzorkester, etter ein tekst av Otto Rombach[6]
  • Symfoni No. 4 (1937)
  • Symfoni No. 5 (1938–39)
  • Symfoni No. 6 Svobody for kor og orkester (1940)
  • Symfoni No. 7, berre pianodel skriven (1941–42)
  • Symfoni No. 8, ufullendt, berre pianodel skriven (1941–42)
  • Divertimento for obo, klarinett og basun
  • Suite for fiolin og piano
  • Variations over eit original Dorian-tema og fugato, op. 10, tema, 15 variasjonar og fuge


  1. Ledbetter, Steven. «Ervín Schulhoff: Concerto for String Quartet with Wind Orchestra» (PDF). Boston Symphony Orchestra. Henta 5. oktober 2012. 
  2. 2,0 2,1 Andersen, Rune J. (6. august 2013). «Erwin Schulhoff». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 Daniel Albright, red., Modernism and Music: An Anthology of Sources (University of Chicago Press, 2004), 327
  4. Frank L. Battisti, The Winds of Change: The Evolution of the Contemporary American Wind Band/Ensemble and its Conductor (Meredith Music Publications2002), 35. "The Concerto is fashioned in the traditional three-movement concerto form with an energetic Hindmith-like first movement, a slow torchy second movement, and a final third movement with jazz references, including a tempo marking of 'slow fox,' as in fox trot. It was premiered in 1932 on a concert by the Czech Philharmonic."
  5. Hollander, Hans (October 1935). «Musical Notes from Abroad: Czecho-Slovakia». Musical Times 76 (1112): 943. 
  6. Alex Ross, "Grammy surprise," 12. februar 2007, vitja 15. august 2012

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Erwin Schulhoff