Fabrice Guy
Fabrice Guy | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 30. desember 1968 (55 år) Pontarlier |
Idrett | kombinert |
Tok del i | Vinter-OL 1994, Vinter-OL 1988, Nordic combined at the 1992 Winter Olympics – individual, Nordic combined at the 1998 Winter Olympics – team |
Fabrice Guy (fødd 30. desember 1968) er ein fransk tidlegare kombinertløpar frå Pontarlier. Han vart olympisk meister i øvinga i 1992 og tok bronsemedaljen i verdsmeisterskapen på ski i 1997. Med Frankrikes kombinertlag fekk han ein sølvmedalje i VM 1991 og ein bronsemedalje i OL 1998.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]I sin fyrste sesong i verdscupen i kombinert oppnådde Guy midt i januar 1987 ein sjuandeplass. Året etter deltok han i OL i Calgary, og hamna på 20. plass. Han stod fyrste gong på verdscuppallen i mars 1989 i Lake Placid i USA, der han hadde berre Trond Arne Bredesen og Klaus Sulzenbacher føre seg. Gjennom 1990-sesongen etablerte Guy seg i verdseliten i kombinert, med ein andreplass og ein tredjeplass midt i januar som største prestasjonane.
Guy kom på 13. plass i den individuelle øvinga under verdsmeisterskapen i Val di Fiemme i 1991, men gjekk så Frankrikes tremannslag inn til sølvmedalje i lagkonkurransen. I 1992 var Guy den beste kombinertrennaren i verda. Gjennom sesongen vann han seks verdscuprenn, frå Strbske Pleso midt i desember månad til Holmenkollen midt i mars månad. Under vinter-OL på fransk heimebane i Albertville toppa han sesongen med å vinne OL-gullet i kombinert, landsmannen Sylvain Guillaume syrgde for at det vart fransk dobbeltsiger.
Etter jubelsesongen 1992 makta ikkje Guy å kome på sigerspallen i individuelle tevlingar i verdscupen, ein fjerdeplass i St. Moritz den 16. desember 1995 vart han beste plassering. I verdsmeisterskapen i Falun i 1993 vart han nummer 16, året etter vart han nummer 17 i OL på Lillehammer. Han overraska med å ta bronsemedaljen i VM 1997 i Trondheim. Under dei olympiske leikane i 1998 gjekk han sisteetappen for det franske laget som tok bronsemedaljen i lagkonkurransen under olympiaden i Nagano.
Guy la opp som kombinertløpar etter 1999-sesongen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Sportsboken, aktuelle årgangar
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «Fabrice Guy». olympedia.org. Henta 25. oktober 2022.
- Einskildmenn
- Fødde i 1968
- Franske kombinertløparar
- Olympiske meistrar for Frankrike
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for Frankrike
- Franske deltakarar under vinter-OL 1988
- Kombinertløparar under vinter-OL 1988
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1992
- Franske deltakarar under vinter-OL 1992
- Kombinertløparar under vinter-OL 1992
- Franske deltakarar under vinter-OL 1994
- Kombinertløparar under vinter-OL 1994
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1998
- Franske deltakarar under vinter-OL 1998
- Kombinertløparar under vinter-OL 1998