Faxaflói
Faxaflói er ei bukt sørvest på Island mellom halvøyane Snæfellsnes og Reykjanes.
Hovudstaden på Island, Reykjavík, ligg på sørsida av bukta. Frå Reykjavik er det mogeleg å sjå halvøya Akranes i nordaust og til og med Snæfellsjökull som er 120 km borte.
Faxaflói har alltid vore ei næringskjelde for folk som har budd langs kysten her. I tidlegare tider reiste fiskarar ut i småbåtar for å fiske nær kysten. I dag er skipa mykje større, men må lengre til havs for å fange fisk.
Like nord for Reykjavík i Kollafjörður ligg den vesle øya Viðey. Ho har vore busett sidan 1943, men ein har vist at det òg har budd folk her tilbake til 900-talet. På 1100-talet vart det bygd eit kapell her og ei kloster vart grunnlagd i 1225 og eksisterte fram til reformasjonen på slutten av 1500-talet. Øya og restane av busetnaden kan vitjast ved å ta båt frå hamna i Reykjavik.
Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Faxaflói frå Engelsk Wikipedia .