Fertilt stoff
Utsjånad
Fertilt stoff er eit stoff som når det vert utsett for stråling kan omdannast slik at det blir fissilt og kan nyttast som reaktorbrensel.
Fertilt stoff som finst i naturen, er 238U (uran) og 232Th (thorium), som ved nøytroninnfanging og den påfølgjande beta-utsendinga går over i høvesvis 239Pu (plutonium) og 233U, som begge fisjonerer etter innfanging av termiske nøytron. Omdanning av fertilt stoff til fissilt stoff føregår i formeiringsreaktorar (breeder-reaktorar).
Medan ressursane av fissilt stoff er forholdsvis avgrensa, vil ressursane av fertilt stoff med dagens energiforbruk kunne dekke behovet for reaktorbrensel i mange tusen år.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- fertilt stoff. (28.02.2013) I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/fertilt_stoff