Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Fiftyonebreen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fiftyonebreen
isbre
Land  Australia
Stad Heardøya
 - koordinatar 53°11′S 73°34′E / 53.183°S 73.567°E / -53.183; 73.567
Munning mellom Lavett Bluff og Lambeth Bluff
Tjukkleik kring 55 m
status I tilbaketrekking[1][2][3][4][5]
Kart
Fiftyonebreen
53°11′00″S 73°34′00″E / 53.1833°S 73.5667°E / -53.1833; 73.5667

Fiftyonebreen er ein stor isbre som flyt sørover, på sørsida av Heardøya i det sørlege Indiahavet. Brefronten ligg mellom Lavett Bluff og Lambeth Bluff.[6][7] Nordaust for Fiftyonebreen ligg Winstonbreen, som endar i Winston Lagoon, mellom Cape Lockyer og Oatt Rocks. Vest for Fiftyonebreen ligg Deacockbreen, som endar mellom Cape Labuan og Long Beach.

Fiftyonebreen vart kartlagt av ANARE (Australian National Antarctic Research Expeditions) i 1948. Han vart namngjeven «The 1951 Glacier» av eit lag frå ANARE som kryssa Heardøya i 1951. Forma Fiftyone Glacier vart tilrådd av Australian Antarctic Names and Medals Committee (ANCA) i 1964.[6][7]

  1. Ian F. Allison; Peter L. Keage (1986). «Recent changes in glaciers of Heard Island». Polar Record 23 (144): 255–272. doi:10.1017/S0032247400007099. Henta 28. desember 2013. 
  2. Andrew Ruddell (25. mai 2010). «Our subantarctic glaciers: why are they retreating?». Glaciology Program in Antarctica CRC and AAD. Arkivert frå originalen 2. oktober 2009. Henta 28. desember 2013. 
  3. Quilty, P.G.; Wheller, G. (2000). «Heard Island and the McDonald Islands: A window into the Kerguelen Plateau (Heard Island Papers)». Pap. Proc. R. Soc. Tasm. 133 (2): 1–12. 
  4. Budd, G.M. (2000). «Changes in Heard Island glaciers, king penguins and fur seals since 1947 (Heard Island Papers)». Pap. Proc. R. Soc. Tasm. 133 (2): 47–60. 
  5. Douglas E. Thost; Martin Truffer (februar 2008). «Glacier Recession on Heard Island, Southern Indian Sea». Arctic, Antarctic, and Alpine Research 40 (1): 199–214. doi:10.1657/1523-0430(06-084)[THOST]2.0.CO;2. Arkivert frå originalen 4. desember 2012. Henta 28. desember 2013. 
  6. 6,0 6,1 «Fiftyone Glacier». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 28. desember 2013. 
  7. 7,0 7,1 «Fiftyone Glacier». Australian Antarctic Data Centre. Henta 28. desember 2013. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Fiftyonebreen» (innhald frå Geographic Names Information System).