Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Finn E. Kydland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Finn E. Kydland

Fødd1. desember 1943
Ålgård
NasjonalitetNoreg
Områdesamfunnsøkonomi, makroøkonomi
Yrkesamfunnsøkonom, professor, vitskapsperson, universitetslærar
InstitusjonarUniversity of California, Santa Barbara
Carnegie Mellon University
Universitetet i Bergen
Alma materNorges handelshøyskole
Tepper School of Business
Carnegie Mellon University
DoktorgradsrettleiarEdward C. Prescott
David Cass
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi
Real Academia de Ciencias Económicas y Financieras
Econometric Society

Finn Erling Kydland (fødd 1. desember 1943) er ein norsk økonom og nobelprisvinnar busett i USA. Hovudområda hans er makroøkonomi og politisk økonomi.

Nobelprisarbeidet

[endre | endre wikiteksten]

Kydland vart tildelt Sveriges Riksbanks økonomipris til minne om Alfred Nobel for 2004 saman med Edward C. Prescott. Det han og Prescott samarbeida om var å laga ein økonomisk modell for makroteorien med utgangspunkt i mikroteori. Medan makroteori handlar om samfunnet generelt, det vil seie utvikling av inflasjon eller brutto nasjonalprodukt, handlar mikroteori om korleis enkeltpersonar og verksemder ter seg.

Modellen deira løyste problem frå 70-talet med høg inflasjon og høg arbeidsløyse som dei eldre økonomiske modellane til John Maynard Keynes ikkje kunne hanskast med. Den nye modellen gjekk ut på å binda økonomipolitikken slik at alle visste kva som kom til å skje seinare.

Kydland kjem opphavleg frå Gjesdal. Han skal ha fått interessa for økonomi då han byrja å føra rekneskapa for ein venn som alte opp mink. Han studerte seinare faget ved NHH og tok doktorgrada ved Carnegie Mellon University i Pittsburgh der han òg er professor. Han har den same stillinga ved University of California.

I tillegg til den djupe interessa si for økonomien liker Kydland òg bluesmusikk. Han er ein ihuga idrettsmann som har sprunge maratonløp fire gonger, og både speler og ser fotball.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]