Fonolitt
Utsjånad
Fonolitt er ein tett, finkorna lavabergart som består av alkalifeltspat, nefelin (eller evt. leucitt) og vekslande mengder av mørke mineral. Han sprekk ofte opp i tynne plater som kling når ein slår på dei, som har gjeve namnet. Bergarten er særleg utbreidd i område med ung (tertiær og kvartær) vulkanisme. Den tilsvarande djupbergarten er foidsyenitt (vanlegvis nefelinsyenitt).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Fonolitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/fonolitt.