Fredriksten
Fredriksten festning | |
---|---|
Halden | |
Fredriksten festning sett frå hamna. | |
Koordinatar | 59°7′10.776″N 11°23′48.296″E / 59.11966000°N 11.39674889°E |
Bygd | 1661 |
Byggmaterial | Mur |
I bruk | 1661-1905 |
Noverande eigar |
Forsvarsbygg |
Opent for publikum |
Ja |
Kontrollert av | Noreg |
Slag/krigar | Den store nordiske krigen |
Hendingar | Den svenske kongen Karl XII fall ved Fredriksten |
Fredriksten er ei festning i Halden (byen heitte Fredrikshald frå 1665 til 1928). Forsvarsverket der festninga ligg i dag, vart bygd i åra 1640-45 i samband med Hannibalfeiden. Sjølve Fredriksten festning vart påbegynt i 1661 og er oppkalla etter den dansk-norske kongen Frederik III (1609-1670).
Festningsanlegget slik det framstår i dag er i hovudsak eit resultat av utbygging på 1660- og 1670-talet som følgje av at Frederikshald vart grenseby etter at det tidlegare norske området Bohuslen vart svensk territorium i 1658. Det var tapt av Båhus festning til Sverige og dei tre svenske åtaka på Halden i 1658 -59 og -60 som hovudsakleg førte til at danskekongen såg det naudsynt med ei ny og sterk festning. Festninga vart kringsett heile seks gonger, men aldri teken. Den svenske kongen Karl XII fall ved festninga den 11. desember 1718 under den svenske kringsetjing under den store nordiske krigen.
I tida før unionsoppløysinga vart festninga modernisert med moderne skyts på Hjelmkollen, Veden, Overberget, Gyldenløve og på nordsida av den gamle hovudfestninga. Etter Karlstadkonvensjonen i 1905 vart festninga nedlagt som krigsfestning og det moderne skytset fjerna. Éin tårnkanon er likevel tilbakeført i nyare tid.
Inntil nyleg heldt Forsvarets Forvaltningsskole til på festninga. I dag er festninga ope for alle og ei rekkje museum er å finne i indre festning og området bak festninga er brukt til konsertar og andre kulturarrangement. I 2005 vart festninga brukt som kulisser til ein opera (Aurora) i samband med feiringa av unionsoppløsninga. Det blir no arbeidt for å få etablert ein årleg opera/musikkteaterfestival på området.
2007 var første året TV-programmet «Allsang på grensen» vart spelt inn på festninga. Dette programmet gjekk på TV 2 kvar torsdag gjennom heile sommaren. Serien gjekk òg i 2008, 2009 og i 2010.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Fredriksten festning» frå Wikipedia på bokmål, den 15. november 2010.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Fredriksten i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- Nasjonale festningsverk om Fredriksten festning
- Forsvarets forvaltningsskole
- Høgskolen i Østfold sine nettsider om Fredriksten festning Arkivert 2012-10-05 ved Wayback Machine.