Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Fri rettshjelp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fri rettshjelp er eit rettshjelpstilbod som er oppretta av det offentlege for å hjelpe personar med å kunne få juridisk bistand som dei kanskje elles ikkje ville hatt økonomi til.

I Noreg kan ein få fri rettshjelp i visse typar saker som er sett på som særskild viktige for velferda til folk. Tilbodet går ut på at staten, heilt eller delvis, dekkjer utgiftar og kostnadar som kjem i samband med advokatbistand, i og utanfor rettargang. Fri rettshjelp er dermed hovudsakleg advokatbistand som er subsidiert av staten, med føremål om å hindre rettstap som følgje av dårlig økonomi.

Fri rettshjelp vert gjeve som fritt rettsråd, fri sakførsel eller fritak for rettsgebyr etter rettshjelplova, utenom i saker om idømming og fullbyrding av straff.

Fritt rettsråd

[endre | endre wikiteksten]

Fritt rettsråd er fri rettshjelp utanfor rettargang.

Foruten advokatråd om rettseige spørsmål, omfattar fritt rettsråd også rein informasjon om rettsreglar og meir omfattande saksbehandling ved advokat, som utarbeiding av søknad, klage og korrespondanse med motpart m.v.

Som saker utenfor rettargang rekner ein også forliksrådsbehandling.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]