Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Fruktblad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fruktblad i ein blome.

Fruktblad (latin karpell) er hodelen av ein blome. Fruktbladet er lukka rundt eitt eller fleire frøemne som gjev opphav til frø etter befrukting. Fruktblad kan vera sammenvaksne (synkarp fruktknute, fleirfoldfrukt) eller skilde (apokarp fruktknute, enkeltfrukt).

Under mogning blir fruktbladet omdanna til ei frukt utvikla frå fruktknuten (apokarp eller synkarp). Fruktbladet er homologt med eit makrosporofyll. Samanvaksne fruktblad er ein evolusjonsmessig avleidd karakter, samanlikna med skilde fruktblad. ABC-modellen forklarer kva gener som deltek i danninga av blada i ein blome: begerblad, kronblad, pollenblad og fruktblad.