Fucecchio
Utsjånad
Fucecchio er ein by og ein kommune i provinsen Firenze i Toscana-regionen i Italia. Kommunen har mellom 23- og 24 000 ibuarar og omfattar ei flatevidd på 65 km². Byen ligg i Arno-dalen, 25 meter over havet og om lag 40 kilometer vest for provinshovudstaden Firenze.
Næringslivet i Fucecchio er basert på produksjon av lervarer, sko og andre liknande industriar. I seinare år har verksemdene i alle desse industriane slite i tevlinga med utanlandske konkurrentar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Fucecchio» frå Wikipedia på engelsk, den 13. juli 2013.