Gaston Roelants
Gaston Roelants | |
Statsborgarskap | Belgia |
Fødd | 5. februar 1937 (87 år) Opvelp |
Yrke | maratonløpar, langdistanseløpar, friidrettsutøvar |
Høgd | 174 centimeter |
Gaston Roelants på Commons |
Gaston Roelants (fødd 5. februar 1937) er ein belgisk tidlegare friidrettsutøvar frå landsbyen Opvelp i Flandern. Han er best kjend som hinderløpar, men deltok også på langdistansar heilt opp til maraton. Roelants vart europameister på 3000 meter hinder i 1962 og olympisk meister i same øvinga i 1964. Han sette to verdsrekordar på 3000 m hinder, den siste i 1965 med tida 8.26,4.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Roelants fekk sin meisterskapsdebut under sommar-OL 1960 i Roma. Her kom han på fjerdeplass på 3000 meter hinder. Frå august 1961 innleia han ei sigerrekke i hinderløp som skulle vare i fem år. I denne perioden vann han gullmedaljen på friidretts-EM 1962 i Beograd, og heldt fram året etter, den 7. september 1963, med å sette verdsrekord i Leuven på tida 8.29,6. I oktober 1964 sikra han seg gullmedaljen under sommarleikane i Tokyo med ei tid ned mot sin eigen verdsrekord. Han forbetra i 1965 verdsrekorden på distansen til 8.26,4, ein rekord som vart ståande i tre år.
Ved europameisterskapen i Budapest i 1966 vart Roelants sigerrekke på 3000 m hinder broten, då det vart bronsemedalje. Under dei olympiske leikane i Mexico-byen i 1968 vart han nummer sju på 3000 m hinder med tida 8.59,4, vel åtte sekundar bak olympiameisteren frå Kenya. Sidan i leikane kom han ellevteplass i maraton, i tynnlufta i Mexico brukte han over to timar og 29 minuttar.
Frå slutten av 1960-talet konkurrerte Roelants oftast på lange distansar. Han vann VM i terrengløp fire gongar; 1962, 1967, 1969 og 1972, tre gongar kom han på andreplass. To gongar sette han verdsrekord på 20 000 meter og 1 times løp. Dei siste rekordane frå 1972 var på 57.44,4 og 20 878 meter. I europameisterskapane 1969 og 1974 tok han høvesvis sølv- og bronsemedalje i maratonløp.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- OL 1960 i Roma: Nr 4 på 3000 m hinder - 8.47,6
- EM 1962 i Beograd: Gullmedalje på 3000 m hinder – 8.32,6, framom Zoltan Vamoș (8.37,6)
- OL 1964 i Tokyo: Gullmedalje på 3000 m hinder – 8.30,8, framom Maurice Herriott (8.32,4)
- EM 1966 i Budapest: Bronsemedalje på 3000 m hinder – 8.28,0
- OL 1968 i Mexico by: Nr 7 på 3000 m hinder og nr 11 i maraton
- EM 1969 i Aten: Sølvmedalje i maraton og nr 5 på 10000 m
- EM 1971 i Helsingfors: Nr 5 i maraton – 2.17.48,8
- EM 1974 i Roma: Bronsemedalje i maraton – 2.16.29,6
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Gaston Roelants» frå Wikipedia på tysk, den 11. oktober 2014.
- Einskildmenn
- Fødde i 1937
- Belgiske friidrettsutøvarar
- Hinderløparar
- Langdistanseløparar
- Europameistrar i friidrett for Belgia
- Belgiske deltakarar under sommar-OL 1960
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1960
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1964
- Belgiske deltakarar under sommar-OL 1964
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1964
- Belgiske deltakarar under sommar-OL 1968
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1968
- Vinnarar av Bislett-medaljen
- Kongepokalvinnarar i friidrett