Gaupne gamle kyrkje
- For den noverande soknekyrkja i Gaupne, sjå Gaupne kyrkje.
Gaupne gamle kyrkje | |||
Gaupne gamle kyrkje | |||
Foto: kirkenorge.no | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Luster | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Bjørgvin | ||
Prosti | Indre Sogn | ||
Sokn | Gaupne | ||
Fellesråd | Luster | ||
Stad | Gaupne | ||
Type | Langkyrkje | ||
Teknikk | Lafta | ||
Sitjeplassar | 130 | ||
Diverse | Eigd av Fortidsminneforeninga | ||
Gaupne gamle kyrkje 61°24′29″N 7°17′50″E / 61.4081°N 7.29722°E | |||
Wikimedia Commons: Gaupne gamle kyrkje |
Gaupne gamle kyrkje er ei lafta langkyrkje som avløyste ei stavkyrkje som stod i same området i Gaupne i Luster kommune i Vestland. Ho vart bygd mellom 1647–1652, og er eit døme på gammal luthersk stil.
Kyrkja har eit enkelt ytre, noko som var vanleg på den tida kyrka vart bygd, men taket og veggane inn i kyrkja står i sterk kontrast til dette. Alle veggane er måla i gult og raudt, og dekorert med blomstrar og drueklasar. Det er også måla bilete av alle apostlane. Veggane vart dekorert i 1658-60 av Nils målar.
Fleire delar frå stavkyrkja vart nytta om att, til dømes sideplankane i vestportalane. Desse er pryda med utskjeringar av ormar og drakar som slyngjer seg om einannan. Interiøret er rikt og fargestrålande dekorert. Altertavla i kyrkja er ei typisk katekismetavle frå reformasjonstida.
Gaupne gamle kyrkje vert i dag nytta til spesielle markeringar som den årlege olsokgudstjenesta.
I 1909 var kyrkja gjeven som gåve frå kyrkjelyden til Fortidsminneforeninga. Den nye soknekyrkja, Gaupne kyrkje, var då alt teken i bruk.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Margrethe Henden Aaraas og Sigurd Vengen: «Gaupne gamle kyrkje»
- «Gaupne gamle kyrkje» i NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon
- Om Gaupne gamle kyrkje på nettstaden til Fortidsminneforeninga Sogn og Fjordane avdeling Arkivert 2011-05-27 ved Wayback Machine.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Eldre fotografi av Gaupne gamle kyrkje på nettstaden til Nasjonalbiblioteket
- «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket
- Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen
- Gaupne gamle kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- «Gaupne gamle kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.