George Rooke
George Rooke | |
Statsborgarskap | Kongeriket Storbritannia |
Fødd | 1650 Canterbury |
Død |
24. januar 1709 (58 år) |
Yrke | marineoffiser, politikar |
Språk | engelsk |
Ektefelle | Catharine Knatchbull |
George Rooke på Commons |
Sir George Rooke (1650–24. januar 1709) var ein engelsk marinekommandant som var flåteadmiral i Royal Navy. Han er kjend for å tenesta si i krigar mot Frankrike og vert i dag særleg hugsa for sigeren i Vigobukta og for erobringa av Gibraltar for britane i 1704.
Tidleg liv
[endre | endre wikiteksten]Rooke vart fødd i St Lawrence nær Canterbury i 1650.[1] Han gjekk inn i marinen som frivillig i 1672, og tente i dei nederlandske krigane og vart kommandant i 1673.[1]
Han vart kontreadmiral i 1690 og kjempa i Slaget ved Beachy Head.[1]
I mai 1692 tente han under Russell i slaget ved Barfleur, og utmerkte seg stort i eit nattåtak på den franske flåten ved La Hogue, der han klarte å setje tolv av skipa deira i brann.[1] Han vart slått til riddar kort tid etter.[1]
I 1693 kommanderte han Smyrna-konvoien, som vart spreidd og delvis teken av den franske admiralen Tourville nær Lagosbukta.[1]
I 1696 vart han utpeikt til flåteadmiral. Fram til freden i Rijswijk (1697) tente han i Den engelske kanalen og Middelhavet. Han kommanderte det nederlandsk-engelske åtaket på København i samarbeid med den svenske flåten under admiral Hans Wachtmeister i 1700, som tillet kong Karl XII av Sverige og armeen hans til å gå i land i Danmark i starten av den store nordiske krigen.[1]
Den spanske arvefølgjekrigen
[endre | endre wikiteksten]Då den den spanske arvefølgjekrigen braut ut i 1702, kommanderte han eit mislukka tokt mot Cádiz, men på veg heim øydela han den spanske skatteflåten i slaget ved Vigobukta, som han Parlamentet takka han for.[1]
Han kommanderte den allierte marinestyrken i erobringa av Gibraltar i juli 1704,[1] og vart den militære guvernøren på Gibraltar frå 24. juli til 4. august.
Den 13. august 1704 gjekk han til åtak på den franske flåten utanfor Málaga, slaget enda taktisk uavgjort, men var ein stor strategisk siger i å støtte dei allierte i Gibraltar.[1] På grunn av helsa si trekte han seg frå tenesta i februar 1705o og vendte attende til eigedomen sin i St Lawrence nær Canterbury der han døydde.[1]
Det vart reist ein statue til ære for Rooke i Gibraltar i 2004, under 300-årsjubileet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «George Rooke» frå Wikipedia på engelsk, den 21. mai 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- «Rooke, Sir George». Encyclopædia Britannica (11. utg.). 1911.
- The Journal of Sir George Rooke Publications of the Navy Records Society. London, 1897.
- John B. Hattendorf, "Sir George Rooke and Sir Cloudesley Shovell" in Peter Le Fevre and Richard Harding, eds. Precursors of Nelson: British admirals of the eighteenth century. London: Chatham, 2000.