Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Georgskross

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det georgiske flagget bruker begge typar georgskross.
Versjon av Sankt Georgskors brukt av svenske frimurarar

Georgskross eller jørgenskross er krossar knytte til heilage Jørgen (Georg), og finst i litt ulike utformingar. Særleg i Skandinavia kan det visa til ein likearma kross der armane smalnar tydeleg innover mot midtpunktet. Krossen kan også ha rette armar der det eine paret kan vera lengre enn det andre. Georgskrossen er ofte raud på kvit botn.

Ei rekkje flagg og andre heraldiske symbol bruker ein eller fleire georgskrossar. Det er kjend frå det engelske og georgiske flagget. Den rette krossen er utgangspunkt for flagget til Storbritannia, det jamaikanske riksvåpenet og flagga til øyar som Alderney, Guernsey, Sark og Sardinia. Det finst også i flagg og våpen for byar som Barcelona, Freiburg, Genova, London, Milano og Montreal. Tidlegare land som Austromarriket under Palaiologos-dynastiet og kongeriket Asturias har også nytta krossen i flagg. Den smalnande georgskrossen finst også som ordensteikn for nokre fortenesteordenar. Krossen er også brukt i ulike logoar, varemerke, segl og andre kjenneteikn og mønster.

Georgskrossen er ordensteikn for George Cross, Hosebandordenen, Kvite rose orden og den russiske Sankt Georgsordenen.

Liknande krossar

[endre | endre wikiteksten]

Den likearma georgskrossen kan minna om maltesarkrossen, men dette har innhakk ytst på krossarmen. Ein finn også likande utskrådde krossar i fylkesvåpenet til Rogaland og kommunevåpenet til Klepp og utbøygde krossar i våpenskjolda til Nord-Trøndelag og Verdal.

Den rette utgåva av krossen liknar gresk kross og genfkross, men skil seg frå desse ved at georgskrossen går heilt ut til sidekantane av eit flagg eller skjold («gjennomgåande») medan dei to andre ikkje gjer det («svevande»).