Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Gerhard Kuiper

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gerard P. Kuiper

Gerard Kuiper i 1964
FøddGerrit Pieter Kuiper
7. desember 1905(1905-12-07)
Tuitjenhorn i Nederland
Død24. desember 1973 (68 år)
Mexico City i Mexico
NasjonalitetNederlandsk-amerikansk
OmrådeAstronomi
Yrkeastronom, planetolog, kartograf, universitetslærar
InstitusjonarLick-observatoriet
Harvard-observatoriet
Yerkes-observatoriet
Lunar and Planetary Laboratory
Alma materUniversitetet i Leiden
Universitetet i Leiden
DoktorgradsrettleiarEjnar Hertzsprung
Kjend forKuiperbeltet
MedlemAmerican Academy of Arts and Sciences
Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen
National Academy of Sciences

Gerard Peter Kuiper (fødd 7. desember 1905 som Gerrit Pieter Kuiper, daud 23. desember 1973) var ein nederlandsk-amerikansk astronom som Kuiperbeltet er kalla opp etter.

Han var professor ved Chicago universitet frå 1943 til 1960, ved universitetet i Arizona i 1960 og direktør for Yerkes og McDonald-observatoria 1947–1949 og 1957–1960, for Lunar and Planetary Laboratory og universitetet i Arizona frå 1961.

Det viktigaste arbeidsområdet hans var dobbeltstjerner, opphavet til solsystemet, planetar og månar. Kuiper oppdaga saturnmånen Miranda og neptunplaneten Nereid og postulerte eit seinare påvist belte av kometar utanfor Neptun og Pluto. I tillegg oppdaga han karbondioksid i atmosfæren til Mars og metan-atmosfæren på Titan i 1944.

Oppkallingar

[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til Kuiperbeltet, er asteroiden 1776 Kuiper, krateret Kuipermånen og krater på Mars og Merkur. Det no nedlagde Kuiper Airborne Observatory var òg namnsett etter han.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Gerhard Kuiper